Stryn: Brekkefjellet (19.03.2011)


Startpunkt Meland (60m)
Endpunkt Meland (60m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Höhenmeter 1.300m
Karte
Besteigungen Brekkefjellet (1.134m) 19.03.2011

Skitur til ein gjenståande slyngar i Stryn kommune. Pf 90 er god som gull i 50m-lista. Parkerte ovapå campingen på Meland og fulgte skogsveien oppover. Etterkvart på med skia og knota oss opp gjennom skogen langs Rjupedalselva. Passerte støylsbygningane og gjekk vidare mot Rjupedalen. Godt over skoggrensa svinga vi austover mot Brekkedalen. Måtte ned ca 100 høgdemeter mot Brekkedalsvatnet. Lett opp til toppen. Kald vind og ikkje det store å opphalde seg lenge der, men fekk i oss noko mat før vi starta på returen. God motvind oppover frå Brekkedalen til ryggen. Fekk fin nedkjøyring når vi etterkvart nærma oss skoggrensa. Vidare nedover er det kupert og mykje skog, men vi fann gode skiforhold nær elva. Fulgte denne så langt som muleg før vi kom oss inn på skogsvegen igjen.

Frå Brekkefjellet mot Storskredfjellet
Frå Brekkefjellet mot Storskredfjellet
Lise i motvind opp frå Brekkedalen
Lise i motvind opp frå Brekkedalen

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.