Rauma: Kovåhøa, Vermehøene og Storhatten (29.04.2017)
Start point | Slettali (255m) |
---|---|
Endpoint | Slettali (255m) |
Characteristic | Backcountry skiing |
Duration | 9h 35min |
Distance | 35.7km |
Vertical meters | 2,156m |
GPS |
Ascents | Kovåhøa (1,309m) | 29.04.2017 |
---|---|---|
Nørdre Vermehøa (1,478m) | 29.04.2017 | |
Storhatten (1,624m) | 29.04.2017 | |
Søre Vermehøa (1,600m) | 29.04.2017 |
Møre og Romsdal pf 100 1020/1156
Denne dagen hadde vi eigentleg sikta på Dønttinden og tilhøyrande herligheter. Men pga meldingar om vind endra vi rekkefølgja og gjekk for denne dryge runden i staden. Kunne ganske snart spenne på oss skia og labbe oppover dei lange og kjedelege veisystema frå Slettali. Etter langt og lenge kunne vi peile oss inn på Kovåhøa. Tok ein pause oppunder ei furu, og der fekk vi nesten appelsina i halsen då det kom eit voksent ektepar ruslande. Dei hadde heller ikkje forventa å møte folk, og ville gjerne sjekke kva dette var slags rarietetar som hadde rota seg vekk. Dei kunne fortelje at dei hadde planar om Dønttinden neste dag. Diskuterte litt rutevalg osv før vi rusla vidare. Enkelt til Kovåhøa, Nørdre Vermehøa og Søre Vermehøa. Mot Storhatten var vi i tvil om veivalg, men hadde god oversikt frå Søre Vermehøa. Vi valgte å traversere den meget bratte og snøfattige sida bortover frå skaret. Eit par renner der det kunne komme snøballar ovanfrå. Anbefaler ikkje dette rutevalget. Det er heller ikkje andre alternativ som såg veldig gode ut på snøføre - det beste kan nok då være å gli heilt ned i Mebotnen. Frå Storhatten skulle det være planke ned til bilen igjen. Pga at vi var seint ute og dette er austvende sider vart det ikkje slik. Eit forferdeleg griseføre nedover lia. Gjennomslagsskare d lux. Heilt komplett umuleg å få noko styring på fjellskia med lave sko. Det vart mange km med kryssing nedover. Og nedover veien var det ikkje bedre. Til slutt tok vi skia i hendene og trampa oss nedover. Likavel skal det seiast at dette var ein fin tur.
User comments