Volda/Vanylven: Storesarpen og Røvsdalsnipa (24.07.2010)


Start point Jolgrøvatnet (700m)
Endpoint Sarpavatnet (550m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 750m
Map
Ascents Litlripsdalsnipa (912m) 24.07.2010
Rypeholten (889m) 24.07.2010
Røvsdalsnipa (950m) 24.07.2010
Røvsdalsnipa sørøst for (917m) 24.07.2010
Storesarpen (889m) 24.07.2010
Sølvbergnausen (649m) 24.07.2010

Mi andre komplette 100 m kommuneliste, utan at eg var klar over det. Ferdig i Hornindal tidlegare, det og i ubevisstheten. Gjekk tidlegare turar utan pf-fokus og listene var utan primærfaktor. Måtte søke opp i basen her for å finne kva som var siste i Volda.

Møtte turkompis Åsmund på Folkestad. Vi hadde planglagt ein 2-dagers i området rundt Storlidvatnet med fiskestang og telt. Åsmund er ein ihuga fjellfant, vi møttest i studietida i Volda. Første turen vår i lag var Dalegubben på ski, avtalt på eit nachspiel på Vero Moda.

Dag 1: Vi kom til Storlidvatnet og utan den mest spikra planen vart det til at vi gjekk på Nausen 630 og Høgegga 682. Parkerte etterpå mellom Dansavatnet og Sarpavatnet. Praten gjekk så lett at vi gløymde sjekke kart og tenke. Resulterte i ei komisk unødvendig vading over eit sund i mellom vatna. Gjekk så opp til austenden av Jolgrøvatnet, der vi fekk opp teltet. Åsmund fiska litt mens eg gjekk på Jolhornet 937. Han hadde denne frå før.

Kveld ved Jolgrøvatnet
Kveld ved Jolgrøvatnet

Dag 2: Turen gjekk langs sørsida av Jolgrøvatnet og mot Røvsdalsnipa. Lett og fint å gå her. Var ein tur nedom Litlripsdalsnipa, mest fordi det er eit fint namn. Flott utsikt sørover mot Nordfjord-toppar. Gjegnen, Ålfotbreen osv. Retur over Rypeholten og Storesarpen, siste topp i Volda. Fisket var ikkje heilt topp, blikkstille og varmt får ta skulda for det. Skal være ok fisk i vatna her. Dårleg bildekvalitet i 2010, lite kompaktkamera.

Frå Jolgrøvatnet. Røvsdalsnipa bakerst.
Frå Jolgrøvatnet. Røvsdalsnipa bakerst.
Åsmund ser mot Gjegnen/Ålfotbreen-området
Åsmund ser mot Gjegnen/Ålfotbreen-området

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.