Klæbu/Melhus: Vassfjellet (14.04.2017)


Start point Parkering Kvål (192m)
Endpoint Parkering Kvål (192m)
Characteristic Hike
Duration 4h 45min
Distance 12.0km
Vertical meters 530m
Map
Ascents Vassfjellet (711m) 14.04.2017

Sør-Norge pf 500 231/402

Parkerte bobilen på Kvål og kjøyrde "vanleg" bil til parkeringa. Den første store freistinga var ein Massey Ferguson og ei gule trakkemaskin nedafor parkeringa. Desse måtte sjølvsagt undersøkast. Så var det ei maurtue nokre meter oppi veien som og tok tid. Sånn er det berre, Vinjar gjekk 3 km sjølv før vi bidrog med assistanse. Oppe ved toppen møtte vi skispor og såg ein som kom opp frå aust. Kunne faktisk og gått mesteparten av turen på ski frå startstedet vårt. Men snøen var hardtrakka og god å gå i til fots oppover. Flott utsikt i alle retningar frå toppen. 2 gutar vi møtte kunne fortelle at vi var heldige med dagen. Det var vindstille, noko ein slett ikkje kunne rekne med på Vassfjellet. Ein av dei fortalde og om hobbyen sin, samle flyplassar. Så det er kanskje ikkje så ille dette likavel :-) Returen er alltid kjekkast for Vinjar, han sprang i snøfelta og rulla seg der det passa. Gjekk vel sjølv ca halve veien. Vidare til Oppdal og forfriskningar hos Johan.

Den enorma masta på Vassfjellet
Den enorma masta på Vassfjellet
Vinjar på toppen
Vinjar på toppen
Vinjar med toppbrølet
Vinjar med toppbrølet
Tunge skyer på returen, men veret holdt seg fint
Tunge skyer på returen, men veret holdt seg fint

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.