Orkdal: Omnfjellvarden (12.04.2017)


Start point Hundså bru (360m)
Endpoint Hundså bru (360m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 3h 00min
Distance 16.3km
Vertical meters 550m
Map
Ascents Omnfjellvarden (846m) 12.04.2017
Frå Omfjellvarden høgste punkt
Frå Omfjellvarden høgste punkt
Varden ved høgst punkt
Varden ved høgst punkt

Sør-Norge pf 500 229/402

Det er aldri spesielt lystig å starte tur i slike hytteområder. Privat, parkering forbudt, borttauing, bom og kjettingar osv. Våga meg til å kjøyre gjennom parkeringa ved Hundså bru, og til slutt kom eg i prat med ein triveleg kar som viste meg ei parkering. Litt etterpå kom sjefen for opplegget, Meås heitte han. Det var ein hjelpsom kar. Om ein treng parkering her er det muleg å ringe skiforeninga sa han. Dei har nokre ledige nummer til parkering. Han ringde til Lise og avtalte at ho kunne sette bobilen på nr 12. Kjempegreier.

Det var akkurat nok snø på myra til å ta på skia ved bilen. Eg gjekk åleine, Lise etterpå. Her skulle vi sjølvsagt tatt med Vinjar i pulk men slik vart det ikkje. Fulgte eit scooterspor innover til betongbrua ved demninga ved Øvre Hundsåvatnet. Så vidare på veien mot steinbruddet. Gjekk på vestsida av elva eit stykke før eg kryssa over og austover mot Omnfjellsvarden. Spor frå tidlegare dagar, og det meste sa seg sjølv. Mange var på tur bak meg, møtte dei på returen. Populær skitur dette.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.