Bremanger: Høgefjellet og Bukkenibba (25.07.2008)


Start point Åskåra (10m)
Endpoint Åskåra (10m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 2,000m
Map
Ascents Bukkenibba (1,522m) 25.07.2008
Nord for Bukkenibba (1,411m) 25.07.2008
Sør for Bukkenibba (1,502m) 25.07.2008
Høgefjellet (1,411m) 25.07.2008
Middagsnakken (1,290m) 25.07.2008
Teltleir ved Nedre Bredvatnet
Teltleir ved Nedre Bredvatnet

Vi hadde nettopp komt heim frå ein mnd på tur til Finnmark og Sarek. Godt ver gjorde oss rastlause etter eit par dagar, så vi pakka sekkane for overnattingstur i Bremanger. Målet var Bukkenibba + litt anna, samt telting og fiskerier. Det var og med mykje goodies i sekken. På overnattingsturar er dette viktig!

Dag 1. Parkerte ved kraftverket i Åskora. Gjekk stien mot det tome Litle Åskorvatnet. Vidare sørover eit stykke før vi knota oss opp nokre hyller til austsida av Store Åskorvatnet. Terrenget her er veldig spennande og uforutsigbart å gå i. Gjekk sør for det store vatnet og til utosen på Nedre Bredvatnet der vi etablerte teltleir. Kjempefint ver og berre velstand. Dagen var med dette i boks, vi fiska litt utan napp og kosa oss lenge utover kvelden.
Dag 2. Denne dagen var sett av til topptur. Vi hadde sett litt på elvekryssinga som var det store spørsmålet. Elva frå Nedre Bredvatnet var stor. Vadinga over var lang og bikkjekald. Men med god temperatur gjorde det ingenting. Gjekk hylla nordover til Middagsnakken, Høgefjellet og austover til Bukkenibba. Brukte tid på å plukke eit par småhumpar både nord og sør for Bukkenibba. Turen tilbake til teltet la vi der vi gjekk opp. Det var ikkje aktuelt og gamble med andre elvekryssingar enn den vi hadde funne som vi alt hadde brukt ein gong. Nok ein kjempefin kveld med god mat og drikke. Fiskeriene var ikkje noko å skryte av, ikkje eit napp. No veit eg ikkje om det er fisk i dette vatnet heller, den var iallefall ikkje lett å få.

Dag 3. Formiddagen vart brukt til lang frokost og pakking før vi sette nasa heimover. Vi gjekk ei anna rute no. Tok opp høgde sør for vatnet før vi gjekk vestover nesten oppunder brekanten. Kom ut til ei ruta til Åskora og fulgte denne nedigjen. 3 fantastiske dagar i Bremanger med telt. Her er det enorme muligheter for villmarksliv utan å møte folk.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.