Rauma: Middagstinden og Kinnakollen (12.10.2016)


Start point Stistart Tindevatnet (390m)
Endpoint Stistart Tindevatnet (390m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 15min
Distance 12.1km
Vertical meters 1,390m
GPS
Ascents Kinnakollen (729m) 12.10.2016
Middagstinden (1,568m) 12.10.2016
Hadde overnatta i bilen på Måna Camping. Kjøyrde bomveg, kr 90, mot Bøstølen og parkerte rett over brua der den merka ruta til Tindevatnet startar. Det var frose til, så hardt og fint å gå myrpartia langs elva. Snart oppe i sola vart det svettebyer og lettelse i antrekk. Runda rundt på nordsida av humpen 943 i skaret. Tenkte å ta denne på returen, slik vart det ikkje. Nå er den uvesentlig så det gjer forsåvidt ingenting. Opp bratt ur til den flotte ryggen som går til Middagstinden. Skjønte med ein gong at her vart det endringar i planane. På austsida av ryggen går det ei hylle/renne nedover i retning Kinnakollen. Denne skulle testast ut! Vidare langs den spennande og flotte ryggen til det luftige og meget fine toppunktet på Middagstinden. Lang og god pause i sola, her snakkar vi kremtopp! Så var det ned igjen ryggen og på austsida ned den renna/hylla. Dette gjekk kjempefint, ingen problem. Siste par hundre høgdemeterane ned til skaret mot Kinnakollen var det ein del lavt bjørkekratt. Så kom eg inn på den nymerka og nyrydda råsa frå kraftverksinntaket til Kinnakollen. Det vart ein liten etappe på vei tilbake til bilen. Overnatta der og var klar til Nonstinden neste dag.
Start date 12.10.2016 10:36
(UTC+01:00 DST)
End date 12.10.2016 16:50
(UTC+01:00 DST)
Total Time 6h 14min
Moving Time 4h 22min
Stopped Time 1h 51min
Overall Average 1.8km/h
Moving Average 2.6km/h
Distance 11.2km
Vertical meters 1,416m

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by JPV100 15.10.2016 09:20

    Interessant vegvalg ned frå toppen! Og flotte bilder, Middagstinden er verkeleg flott!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by oddis 15.10.2016 09:27

      Tok den varianten ned på ski en gang. Halvbratt.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.