Skjåk: Uppnosi (11.09.2016)


Start point Bråtååsen (900m)
Endpoint Bråtååsen (900m)
Characteristic Trip by foot
Duration 3h 20min
Distance 10.5km
Vertical meters 390m
GPS
Ascents Uppnosi (1,294m) 11.09.2016
Start date 11.09.2016 14:03
(UTC+01:00 DST)
End date 11.09.2016 17:21
(UTC+01:00 DST)
Total Time 3h 18min
Moving Time 2h 38min
Stopped Time 0h 39min
Overall Average 3.2km/h
Moving Average 4.0km/h
Distance 10.6km
Vertical meters 452m

Denne toppen har vi kikka på mange gonger. Fin topp å ta som beinstrekkjar på vei heim. Då passa det veldig fint denne gongen, sidan veret på Krossbu ikkje var allverden siste dagen på årets Peakbooktreff. Ein stor delegasjon hadde vore på toppen laurdag, vi fekk info med dei om turen. Kjøyrde opp forbi Bråtågrendi og tok av på grusvei til høgre på Mork. Fulgte denne til høgste punkt på veien ca 900 moh. Herifrå går det ein traktorvei til topps på Uppnosi. Slak stigning og eit lite stykke å gå, ca 5 km ein veg. Tørr og fin tur som vi gjekk med joggesko. Lunt og fint nede i skogen, men på toppen blåste det surt. Vinjar gjekk oppover ein del, litt på skuldrane og meis til slutt over tregrensa. På retur fekk han sove i bæremeisen. Frå Bråtååsen kjøyrde vi nordover og kom inn på hovudveien ved Polfoss.

Parkering på Bråtååsen der traktorvegen startar.
Parkering på Bråtååsen der traktorvegen startar.
Vinjar likar godt å sitte på skuldrane, og så går han litt innimellom
Vinjar likar godt å sitte på skuldrane, og så går han litt innimellom
Vi nærmar oss toppen, masta der framme
Vi nærmar oss toppen, masta der framme
Ved toppvarden
Ved toppvarden
Feiring, Vinjar med mamma sine vottar.
Feiring, Vinjar med mamma sine vottar.

User comments

  • -
    avatar

    Dere også

    Written by Nils 13.09.2016 06:53

    Så dere tok turen på Uppnosi dere også. En lettgått og fin tur det, særlig når man har med små bein. ;-) Begynte å bli fine farger nå.

    Takk for en trivelig helg! Hyggelig å treffes igjen, selv om dere tok oss på målstreken i quizen. ;-)

    • -
      avatar

      Beinstrekkjar

      Written by boven 17.09.2016 21:45

      Ja vi tok denne, fint når vi fekk ruta med Team Uppnosi. Kjempefin tur. Og så var det som vanleg veldig kjekkt på treffet. Dette var 3. treffet for oss, vi satsar på å bli med vidare!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.