Sunndal: Vettafjellet og Vikfjellet (07.08.2016)


Start point Svinberget (234m)
Endpoint Viklandet trafo (305m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 49min
Distance 15.3km
Vertical meters 1,532m
GPS
Ascents Nonshaugen (1,126m) 07.08.2016
Vettafjellet (969m) 07.08.2016
Vikfjellet (1,245m) 07.08.2016

Status Møre og Romsdal pf 100: 993/1156

Vi hadde overnatta på parkeringa ved veis ende på Svinberget. Ein veldig roleg plass. Stien oppover er lett å finne, startar frå parkeringa, markert med ei raud pil på veiskuldra. Vinjar gjekk sjølv oppover skogen ca 220 hm. Så vart det bratt og vi tok han i meisen. Oppover mot mastene friskna det til med vinden. Lett å finne fram på stien som går heilt til topps. Skreiv oss inn i boka og fann le til matøkta. Så skilde vi lag. Eg skulle plukke Vikfjellet medan Lise og Vinjar gjekk ned til bilen igjen. Ryggen sørover mot Vikskardet er som Otto skriv uryddig. Gjekk litt ned i austsida. Frå skaret ei lita bratt kneik opp mot Nonshaugen, så lett sørover til Vikfjellet. Merka meg nokre store vardar som stod på austsida. Planen var å gå ned til Hammartoppen og vidare ned til Hammaren. Fulgte denne vardinga nedover til eg kom til eit steinbrot med mykje metallskraml. Sikkert eit kulturminne pr i dag. Her fann eg ein sti nedover som eg berre gjekk utan noko tankevirksomhet. Etter ei stund skjønte eg at denne førte ikkje til Hammaren. Om det var eit stidele der som eg oversåg veit eg ikkje. Kom til ei gammal bu som nokon dreiv og restaurerte. Fulgte eit rotete ATV-spor nedover til trafostasjonen. Ringde Lise og avtalte henting.

Nesten på toppen av Vettafjellet. Lise og Vinjar mot Øksendal.
Nesten på toppen av Vettafjellet. Lise og Vinjar mot Øksendal.
Frå Vettafjellet nordover mot Tingvoll.
Frå Vettafjellet nordover mot Tingvoll.
Lise og Vinjar. Det blåste godt på toppen. Vi fann le og kosa oss med mat og godteri.
Lise og Vinjar. Det blåste godt på toppen. Vi fann le og kosa oss med mat og godteri.
Rett ned til Øksendal
Rett ned til Øksendal
Toppvarden på Vikfjellet. Lang labbetur frå Vettafjellet og hit.
Toppvarden på Vikfjellet. Lang labbetur frå Vettafjellet og hit.
Over dalen mot Kalknebba
Over dalen mot Kalknebba
Sunndalsøra
Sunndalsøra
Sunndalsøra frå ein plass nedi lia.
Sunndalsøra frå ein plass nedi lia.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.