Rauma: Grønhøa og Heimre Storhøa (02.08.2016)


Startsted Kabben (750moh)
Sluttsted Kabben (750moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 07min
Distanse 12,1km
Høydemeter 972m
GPS
Bestigninger Grønhøa (1462moh) 02.08.2016
Heimre Storhøa (1446moh) 02.08.2016

Transportetappe, 2 toppar utan den heilt store opplevinga. Parkerte ved brua på liten lomme. Ein kar eg snakka med kvelden før sa det var vanskeleg å finne stien oppover og terrenget var krevande. Vel eg fann ein sti som gjekk oppover på austsida av elva, heilt grei å følgje lenge. Når den forsvann var det lett terreng vidare langdrygt til Grønhøa. Så var det berre å peile seg inn mot Heimre Storhøa. Lett terreng heile veien. Retur ned på andre sida av elva. Her var det og veldig fint å gå. Nede på veien vart det nokre få meter å gå ned til bilen. Utruleg nok stoppa det ein bil opp på sida av meg og tilbaud meg skyss. Veldig triveleg, og god stemning inne i bilen. Synd det ikkje var noko poeng sidan eg hadde 100 meter å gå. Men takka voldsomt for tilbodet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.