Rauma: Morgådalstindane 1179-toppen (29.07.2016)


Start point Morstøl (110m)
Endpoint Morstøl (110m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 7.5km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Morgådalstindan Nord (1,179m) 29.07.2016
Eit reinsdyr som har gitt seg på det. Fann det rett under 1090-toppen.
Eit reinsdyr som har gitt seg på det. Fann det rett under 1090-toppen.
Egga mot hovudtoppen 1179.
Egga mot hovudtoppen 1179.
Juratind
Juratind
Dei neste toppane sørover i rekka.
Dei neste toppane sørover i rekka.
Over dalen mot Kjøvskartinden.
Over dalen mot Kjøvskartinden.

Veldig vekslande ver. Håpet var å klare denne toppen som ein fin kveldstur før regnet kom. Skulle sjølvsagt gått heile rekka, men åleine og med lita tid vart ikkje dette prioritert. Av og til får ein berre ta det som er viktigaste og droppe resten. I dette tilfellet vart det heilt ok.

Kjøyrde til Morstøl. Snakka med dama i gardstunet. Skulle berre kjøyre vidare og parkere ved sommarhuset. Der var det folk, fekk ordre av ho om å ikkje blokkere noko. Stien fann eg etter å ha kryssa marka. Den var utydeleg og fuktig i starten, men når eg kom mot elva var den veldig god vidare opp i dalen. Jan Petter hadde dårlege erfaringar med ruta opp. Mykje kratt og elende. Dette såg ikkje bra ut nei. Gjekk lenger inn i dalen enn han gjorde, og peila meg inn på den første enorme steinen midt oppe i lia. Her var det ikkje så aller værst å gå, men mykje krattskog selvfølgelig. Sikta meg inn på skaret sør for Middagshaugen. Gjekk under 1090-toppen og direkte sørover mot hovudtoppen. Stille og fint i fjellet, men eit blikk vestover sa meg at her kom det til å bli fuktig. Returnerte samme veien, utan å gjere noko nummer utav 1090 og Middagshaugen. Tilbake ved sommarhuset, her var det mykje pratesjuke folk på trappa. Vart ropt bort og måtte gjere greie for turen, om eg såg hjort og mykje anna. Første regndropane kom på bilruta når eg vinka til folka, og nedover mot Isfjorden vart det veldig fuktig. Veldig heldig med timinga på dette prosjektet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.