Nesset: Blåfjellet og Ljøsåtind (22.06.2016)


Start point Langadalen (290m)
Endpoint Langadalen (290m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 27min
Distance 11.1km
Vertical meters 1,110m
Map
Ascents Blåfjellet (1,167m) 22.06.2016
Ljøsåtind (1,182m) 22.06.2016

Dagens 2. tur. På vei ned frå Liasetra møtte eg ein kar som kunne fortelje meg om brua ved Ølmerket. Kjøyrde vidare oppover dalen og parkerte på ein lomme der det går ein gammal veistubb ned til venstre mot elva. Kryssa elva på solid bru og gjekk til Hansetsætra. Det var ikkje noko sti eller merking å finne på denne turen så her fekk eg gå mi eiga rås. Gjekk sørover mot Nonshaugen, slik at eg kom opp på Ljøsåtind frå vest. Vindstille og flott på toppen. Glei nedover dei lange snøryggane nordover mot Blåfjellet og lett til topps der. Retur ned til Ljøsåbotn og vada elva slik at eg kom inn på ruta eg gjekk opp. Veldig fin kveldstur! Neste stopp vart Visa Camping. Ein forholdsvis roleg camping for å seie det mildt.

På vei mot Ljøsåtind som eg tok først.
På vei mot Ljøsåtind som eg tok først.
Blåfjellet. Fulgte snøfelta nedover frå toppen.
Blåfjellet. Fulgte snøfelta nedover frå toppen.
Frå Ljøsåtind mot Klauva, den til høgre i bildet.
Frå Ljøsåtind mot Klauva, den til høgre i bildet.
 Frå Ljøsåtind mot neste topp Blåfjellet.
Frå Ljøsåtind mot neste topp Blåfjellet.
Varden på Ljøsåtind. Til høgre for varden 2 lave som er Skopen og Vasstinden. Til venstre Dørmølshaugen. Desse var eg på tidlegare på dag.
Varden på Ljøsåtind. Til høgre for varden 2 lave som er Skopen og Vasstinden. Til venstre Dørmølshaugen. Desse var eg på tidlegare på dag.
Tilbakeblikk mot Ljøsåtind. Fine snøparti å gli på.
Tilbakeblikk mot Ljøsåtind. Fine snøparti å gli på.
Brua over elva ved Ølmerket.
Brua over elva ved Ølmerket.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.