Nesset: Grønfjellet, Romsdalshalvøya pf 100 komplett! (19.06.2016)


Start point Øvre Veg (130m)
Endpoint Øvre Veg (130m)
Characteristic Hillwalk
Duration 1h 46min
Distance 9.4km
Vertical meters 550m
Map
Ascents Grønfjellet (677m) 19.06.2016
Varden på høgste punkt.
Varden på høgste punkt.

Det var vått og trist når eg parkerte der bomveien til Kvamsetra startar. Ein Stikk Ut-samlar kom nedover veien og eg slo av ein prat med han. Det var nok muleg å kjøyre oppover med bobilen meinte han. Han hadde brukt ca 2 timar på turen. Vel la meg nedpå bak i bilen og sovna. Vakna kl 1800 og kom meg avgarde. Satsa på å gå heile turen. Ved Kvamsetra står det 2 skilt til Skåla. Eg gjekk rett fram, det beste er å gå til venstre der og forbi eit nytt hus som står der. Må no være veldig upraktisk å sette seg opp eit hus der oppe. Her er det stakar som er så lange at det kunne passa meir som brøytestikker på Sognefjellet. Det er god sti til topps, dvs ikkje til toppen men til ein varde der det sikkert er bok. Var ikkje bortom denne, gjekk berre til høgste punkt og returnerte stien langs kjempebrøytestikkene. Ikkje det heilt store dette. Kjøyrde til Meisalfjellet og tok kveld. Meldingane for morgondagen var strålande.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.