Molde: Tranhaugen og Eikaberget (18.06.2016)


Start point Vestad (40m)
Endpoint Vestad (40m)
Characteristic Hike
Duration 2h 03min
Distance 7.2km
Vertical meters 425m
Map
Ascents Eikaberget (301m) 18.06.2016
Tranhaugen (303m) 18.06.2016
Flott på Tranhaugen. Stikk Ut-post og norsk vimpel.
Flott på Tranhaugen. Stikk Ut-post og norsk vimpel.
Kasser med bøker på toppfurua.
Kasser med bøker på toppfurua.
Eikaberget var ein intetsigande topp.
Eikaberget var ein intetsigande topp.

Overnatta i bobilen på Molde Skistadion. Her har vi vore ein del, ein får stå i fred og det er stille og roleg. Hadde sjekka ferjerutene til Sekken og blinka meg ut 0820-ferja. Her går ikkje ferja kvar halvtime! Kjøyrde rundt til sørsida av øya og parkerte der veien startar oppover. Det er sikkert muleg å kjøyre oppover, men heller ikkje langt å gå. Med bobil er det uansett litt verre, og no holdt ein bonde på med traktor og hengar og kjøyrde sand oppover. Det eg ikkje var klar over er at det nettopp er åpna ein ny fjellveg over øya. Denne er kun til fotturar og sykkel. Motorisert ferdsel ikkje aktuellt. Infotavle om prosjektet der turveien startar. Gjekk eit godt stykke etter denne til eg fann god merking til Tranhaugen. Stien var merka med lange flagrande plastband. Enkelt til topps på Tranhaugen. Ganske fint toppunkt. Tilbake på turveien gjekk eg direkte mot Eikaberget. Kom til slutt inn på eit ATV/traktorspor som eg fulgte til masta. Her var det kasse og bok. Så liten etappe bort til høgste punkt. Ganske intetsigande. Studerte litt på nedturen, det var ein sti som gjekk austover frå masta. For å sleppe lang runde tilbake satsa eg på denne. Den gjekk veldig flatt austover, tydelegvis ein gammal traktorvei. Denne kjem nok ned på Eikamyra. Viser på kartet om du zoomar godt inn. Måtte då berre bryte meg sørvestover rett ned gjennom bukkemark av høg kvalitet til eg kom traktorveien eg gjekk opp. Sparte uansett mykje tid på dette, men det er ikkje ei rute å gå opp.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 18.06.2016 22:22

    Dette ser jo ut som turer vi og skulle vært med på :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.