Førde/Gaular: Rimmafjellet, Førde pf 100 komplett (16.04.2016)


Start point Gaularfjellet brøytestasjon (750m)
Endpoint Gaularfjellet brøytestasjon (750m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 09min
Distance 29.3km
Vertical meters 1,665m
Map
Ascents Kjetilfjellet (1,068m) 16.04.2016
Rimmafjellet (1,277m) 16.04.2016
Nord for Rimmafjellet (1,290m) 16.04.2016
Rundenova (1,258m) 16.04.2016
Skarvedalsbreen (1,416m) 16.04.2016
Lett over isen på Skarvedalsvatnet.
Lett over isen på Skarvedalsvatnet.

Førde pf 100, 45/45, 100%. Årets første komplette liste i boks.

Ingen av desse 5 toppane hadde registrerte bestigningar på PB før denne turen. Såg nokre gamle skispor mot Rimmafjellet, men berre ein annan skiløpar som gjekk mot Nystølseggi. Overraskande lite folk.

Etter mykje om og men kom eg meg avgarde med 0830-ferga frå Lote. Det vil seie Gaularfjellet 2 timar seinare og avgang rett før 11. Ein bil stod parkert ved brøytestasjonen og det var personen som gjekk mot Nystølseggi. Fulgte spora hans til Skarvevatnet. Spora frå forrige helgs kommunetoppjegerar var enno synlege under 3-4 cm nysnø. Sola varma enormt over vatnet, dette vart ein kjempedag! Runda rundt og vestover opp dalen omlag midt på vatnet. Vidare rundt og opp til trigpkt 1348. Herifrå lett til varden på Skarvedalsbreen 1416. 1.50 opp dit. Så bar det rett vestover. Tanken var å prøve ned nordover mellom punkt 1267 og 1260. Det gjekk ikkje, her var det svinbratt og ein stor skavl. Opp igjen i skaret mellom desse knollane og ned på sørsida. Kosta meg ein halvtime den bommerten der. Gjekk opp i skaret under linja på ca 1100 moh og så lett til den namnlause toppen 1290. Denne har nok heilt sikkert eit namn. Enkelt vestover til Rundenova, sørover til Kjetilfjellet og så tilbake til det nordlegaste Storbotnvatnet 940. Her la eg på langfellene for første gang i dag, vippa opp hælløftarane og braut meg på rett opp. Rimmafjellet vart dermed siste topp i Førde kommune, dagens mål i boks. Fulgte gamle skispor ned til botnen aust for Frøyslandstøylen. Opp ca 50 hm langs linja og ned over Remavatnet. Nesten nede ved veien står ei hytte og her var det folk... og ein kjempestor hund. Han var av den uoppdragne sorten kunne eigarane bekrefte. Eg vart bedt på kaffi og vart sittande der ein halvtimes tid etter at eg henta bilen og 2 pizzastykker eg hadde liggande der. Folka var Ingrid Heggø, stortingspolitikar for AP, og mannen. Bikkja Oscar var veldig interessert i matboksen min og hadde glatt slukt begge pizzastykka. Her fekk eg servert gode historier og turtips på rekke og rad. Johannesberg er den store toppen der folk går i tog, ellers er det lite folk både på nordsida og i fjella sørover mot Balestrand og Høyanger. Takka til slutt for praten, og fekk klar beskjed om å kome tilbake om eg var i området. Og det er klart at her skal det gåast fleire turar.

Mykje snø ved brøytestasjonen ja!
Mykje snø ved brøytestasjonen ja!
Vestover frå Skarvedalsbreen 1416
Vestover frå Skarvedalsbreen 1416
Mot Skarvedalsbreen frå 1290-toppen
Mot Skarvedalsbreen frå 1290-toppen
Frå Kjetilfjellet mot Rundenova til venstre og 1290-toppen til høgre
Frå Kjetilfjellet mot Rundenova til venstre og 1290-toppen til høgre
Frå Kjetilfjellet mot dagens siste, Rimmafjellet.
Frå Kjetilfjellet mot dagens siste, Rimmafjellet.
Flotte toppar på sørsida, Johannesberg
Flotte toppar på sørsida, Johannesberg
Flotte toppar på sørsida, Vassdalsnipa
Flotte toppar på sørsida, Vassdalsnipa

User comments

  • -
    avatar

    Førde 45 PF > 100m komplett!

    Written by knutsverre 17.04.2016 20:04

    Gratulerer Ove! Kjekt at du var like heldig med været som vi var forrige helg. God og nøyaktig beskrivelse av ruten, et bevis for at det går an å klare seg uten GPS! Du fulgte samme rute til Skarvedalsbreen som Joar hadde sett seg ut, men kom ham altså i forkjøpet!

    • -
      avatar

      Sv: Førde 45 PF > 100m komple

      Written by boven 17.04.2016 20:13

      Takker, veldig heldig med veret. Har ei Garminklokke som eg brukar til lengde og høgdemeter og så sjekkar eg høgdemeterane mot kartet. Det stemmer oftast bra. Har faktisk ein god GPS og ein CD med kart, men manglar kompetanse og tolmodighet til å få til dette.

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Written by Bastolen 16.04.2016 21:12

    Gratulerer med vel gjenomført Førde liste:-)!

    Imponerende!!!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer!

      Written by boven 16.04.2016 22:09

      jau takk du, det går seg til! flott dag, kjem ein rapp etter kvart.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.