Vestnes: Remmemstinden og Ystetinden (09.04.2016)


Start point Flate (90m)
Endpoint Flate (90m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 46min
Distance 14.2km
Vertical meters 1,450m
Map
Ascents Remmemstinden (1,090m) 09.04.2016
Ytstetinden (1,162m) 09.04.2016
Åsmund og Gard på Remmemstinden
Åsmund og Gard på Remmemstinden

Helga vart lagt til Hatlane der kollektivkompis frå Voldatida Åsmund bur. Etter ein tlf til ein annan karakter, vart det klart at vi vart 3 på denne turen. Gard har meldt seg på BMI-klassa i årets Skåla Opp og trengde sårt litt kondistrening. Han kunne bekrefte at han var ein smule bekymra for dette motbakkeprosjektet sjølv, noko vi ikkje hadde vanskeleg for å forstå.

Gard kom som avtalt kl 0900 i den flotte Honda Accorden sin. Bilen syng på siste verset, og dette skulle bli avslutningsturen. Utan eksosanlegg høyrdest det ut som eit Widerøefly som tok av innover langs Brusdalsvatnet når nåla nådde 5000 omdreiningar. Vi vurderte først sørsida og forskjellige alternativ med alle 4 toppane i rekka nord for Ørskogfjellet. Heldigvis kjøyrde vi til Vestnes og austover til Flate. Der er det merka Ystetind til parkeringsplass. Betaler kr 20 rett nedi veien. Gjekk langs veien opp nokre svingar før vi kunne ta på skia. Det gjekk i roleg tempo forbi sætra og vidare mot skaret vest for Remmemstind. Her sette vi igjen skia og gjekk dei siste 220 hm til fots. Ein del stein og hard snø. Berre 3 stk hadde skrive seg i boka på Remmemstind før oss i 2016. Stor flott varde som er forholdsvis ny. Vi vurderte no om vi skulle gå opp sida frå sør til Ystetinden, men glei rundt på nordsida og opp der. Ganske bratt på slutten. Gard forbanna skia sine, 4FRNT med fullrocker. Ser ut som ein båt der tuppane står opp i lukta i begge endar. Var vanskeleg å få skia til å sitte, og det vart bæring siste stykket. Skia er til salgs etter denne turen. Kraftkjøyraren kravla seg omsider opp på kanten. Vi var åleine på toppen denne dagen, såg 2 stk til som nærma seg, kanskje kom dei seg opp. Etter mat og ei triveleg stund på toppen bikka vi oss utfor kanten, og satte signaturen nedover den jomfruelege sida. Kjempeflotte forhold. Kraftkjøyraren som har konvertert til rando fekk smake det nedover. Det var ein svært sliten motbakkeløpar som kom til bilen etter årets hardaste treningsøkt.

User comments

  • -
    avatar

    Vestnes

    Written by otto 10.04.2016 21:27

    Kjekt med frihelg Ove.

    • -
      avatar

      Sv: Vestnes

      Written by boven 10.04.2016 21:34

      Kjem eit par rapportar. Sosialt i ålesund med gamle kollektivkompisar. Lise stilde i barnedåp med Vinjar og svigermor. Ikkje mange damer hadde godkjendt dette!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.