Oppdal: Allmannberget (25.03.2016)


Start point Lundsetra (875m)
Endpoint Lundsetra (875m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 04min
Distance 9.9km
Vertical meters 560m
Map
Ascents Allmannberget (1,344m) 25.03.2016
God stemning på Allmannberget (Foto Otto Lund)
God stemning på Allmannberget (Foto Otto Lund)

Lise var med Johan og Kristine på Storhornet tidleg på dag, medan eg trilla rundt i byen. Otto hadde blinka ut eit vervindu på ettermiddagen og eg rusla ned til han i firetida. Vi kjøyrde bomveien til Lundsetra/Stølssetra og parkerte på ein bortimot full parkeringsplass. Mykje folk i fjellet ja. Fulgte veien innover Ålmdalen og kryssa elva, vidare veien til endes. Herifrå var det lett oppover på avblåste rabbar. Sol og ein del vind på toppen, skifta bak bua. Etter fotoøkt vart det retur med dårleg stil på fjellski. Møtte ein randokar som var på veg oppover. Heidi ramla på nokre issvullar og fekk seg nok ei blå skinke etter denne turen. Tilbake i Bjørndalsvegen trylla Otto fram ei kald Tuborg. Otto, Inger Lise og søstra til Otto, Heidi, var turfølgje.

User comments

  • -
    avatar

    Solgløtt i påsken

    Written by otto 03.04.2016 20:14

    Turen var fin den Ove og Heidi har overlevd fallet. Kjekt med tur uten barn en gang i blant.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.