Oppdal: Høghøa (22.03.2016)


Start point Skaret parkering (870m)
Endpoint Skaret parkering (870m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 00min
Distance 29.0km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Høghøa (1,308m) 22.03.2016
Frå Høghøa og vestover mot uveret rundt Blåhøa
Frå Høghøa og vestover mot uveret rundt Blåhøa

Det må være klinkende klart at 29 km tur for å gå på Høghøa stemmer ikkje. Det er rett og slett fordi dagens mål var Mellomfjellet i Surnadal kommune. Det starta bra frå parkeringa. Fine løyper og mykje folk. Slo av ein prat med ein bestefar og gut som gjekk ei runde. Tok etter kvart av frå løypenettet og gjekk nord for Grøntjønna mot Høghødalen. Her fekk eg auge på den merka vinterruta mot Trollheimshytta. Den skulle ta meg til Slettådalen og derifrå skulle eg gå ein kort distanse eit par hundre høgdemeter til Mellomfjellet. Oppover mot Midtre Falkfangarhøa tjukkna det til og vinden var veldig utriveleg. Tok igjen eit par med ein enorme pulk som skulle til Trollheimshytta. Dit kom dei aldri denne dagen. Mannen i "forholdet" kjempa med pulken. Kvinna hadde ein bra ryggsekk. Såg ræva på dei på returen, dei hadde retning Gjevilvasshytta igjen. Men eg gjekk altså over denne 1399-toppen i eit ufyse ver, vidare nord for Svarttjønnin 1312. Her måtte eg ta meg ein liten pause, kleskift og mat. Hykte meg ned bak ein liten stein i hårreisande vind og snødrev. Såg stakane vidare, ellers veldig trasige greier. Det er muleg eg kunne nådd toppen på Mellomfjellet, og sannsynlegvis klart meg tilbake igjen. Men denne gangen tok fornufta overhand. Åleine, null dekning på tlf og ikkje ein kjeft å sjå. Returnerte tilbake frå infernoet, nedover til Høghødalen lettna det opp igjen. Det var akkurat som det låg ein vegg rundt Falkfangarhøe. Klarte å psyke meg opp til eit toppstøt mot Høghøa. Sette igjen skia og gjekk siste stykket på avblåste knattar til topps. Ei lita trøst får det være. Mellomfjellet blir ein annan gong. Akkurat i dag var det så ille at det var ikkje bittert ein gong.

Selfie av ein trasige fyr
Selfie av ein trasige fyr

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.