Stryn: Nonsnibba + nokre til (18.10.2015)  6


Start point Parkering Kjenndalsbreen (150m)
Endpoint Kjenndalstova (55m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 30min
Distance 22.0km
Vertical meters 2,150m
Map
Ascents Nord for Kjenndalsbreen (1,545m) 18.10.2015
Nonsnibba SV1 (1,709m) 18.10.2015
Nonsnibba SV3 (1,768m) 18.10.2015
Nonsnibba SV2 (1,790m) 18.10.2015
Nonsnibba (1,803m) 18.10.2015
Turmagasinet Sogn og Fjordane Turlag nr 1 2010
Turmagasinet Sogn og Fjordane Turlag nr 1 2010

Då er det avgjort, Kvitekoll 1915 på Jostedalsbreen blir siste topp i Nordfjord. Sannsynlegvis til våren som skitur, dersom helsa held. Status etter denne legendariske turen 308/309.

Har levd i den tru at desse toppane måtte angripast frå Nesdalen/Ruteflotdalen. Faktum er vel at det er det einaste fornuftige og. Men no hadde vi no altså fått info om denne ruta frå Turmagasinet til S&F Turlag. Bror til Kroksleiven lagrar alt slikt han kjem over, og det tok han nokre få sekund å bla seg fram i arkivet. Infoen var veldig knapp, og vi fann etter kvart ikkje ut kvar det var meininga å gå. Det vart derfor eit prøvesegfram-prosjekt oppover den vanskelege sida. Anbefalar ikkje denne ruta, så skriv heller ikkje så detaljert om den. Det er muleg turlaget har utfyllande info eller GPS-spor. Det er uansett litt av eit prosjekt å legge ut på i turlagsregi. Vi hadde denne gangen utstyrt oss godt med både tau og haudelykter, men vi slapp å bruke dette. Når vi kom oppover var det klart at her ville vi ikkje gå nedigjen. Det ville då være skuggeland her, tidkrevande å følgje sporet på klokka nedover osv osv. Ruta vi gjekk ned kan anbefalast dersom ein vil nå begge desse på same turen. Skriv kort til slutt om den. Starta turen kl 0908. Frå parkeringa til 1280-vatnet tok det oss akkurat 3 timar. Eg gjekk for det meste først, medan Torleiv gjekk bak og klaga over kummelukta. Ikkje ille det, men dette var kronglete.

Frå 1280-vatnet vart turen ei vandring i storslått natur veldig fin temperatur. Vindstille på toppane. Plukka først den intetsigande 1540-toppen før vi gjekk over ein anna hump og til 1782. Stupet ned i Ruteflotdalen var enormt. Hjortebrøla frå dalen under oss var lette å høyre heile dagen. Dette er hjorteterreng! Studerte sida nedover til dalen, det såg ikkje lett ut her heller. Prøvde hugse GPS-sporet til Haugtussen, men det gjorde eg ikkje. Vel heime kunne eg sjekke dette, og ser han gjekk opp/ned den same ruta som vi gjekk ned.

Nordover frå 1782 er det litt bratt ned første partiet men på ingen måte vanskeleg. I skaret hadde vi matøkt og slurpa i oss siste vatnet i flaskene. Satte igjen sekkane og rusla dei ca 220 høgdemeterane til Nonsnibba. Brukte ikkje mykje tid på toppen, men litt foto og tid til å suge inn alt vi såg. Klokka var no ca 1520 og vi burde være i Nesdal ca 1800 for å ha dagslys langs vatnet. Frå skaret gjekk vi nedover i vestleg retning til ein rygg som viser på kartet. Fulgte denne litt nedover før vi runda nordover igjen. Dette er ikkje heilt likt ruta til Haugtussen, men her var det fint å gå. Etter kvart ned mot skoggrensa på ein rygg. Her kryssa vi ein liten bekk sørover og kom oss fint ned nokre vegeterte parti i fjellet. Eit tydeleg dyretrakk var det og her. Kom inn på ryggen som går heilt ned i dalbotnen på sørsida av den åpne rasrenna. Her var det ingen problem. Nesten nede ved elva fann vi stien i Ruteflotdalen. Den var fin å følgje på austsida av dalen heilt ned til Nesdal. Gjekk gjennom dei store granfelta som låg flate etter Dagmar. For eit vanvittig arbeid berre å rydde råsa! Hundrevis av graner over stien. Ja dei som vil plante meir gran på Vestlandet må ha ein skrue lause. Kom til Nesdal ca 1800. Gjekk gjennom skauen på delvis dyretrakk til vi kom ut i vika vest i vatnet. Her rusla vi stranda, før det vart ca 400 meter langs vatnet i vegetert terreng. Ikkje fonnskog eller Dagmarskog, heilt greitt å gå. Etter dette lett til Kjenndalstova. Vi brukte berre ein halv time frå Nesdal til Kjenndalstova, så dette er ingen sak! Då var det berre den forbanna veitrakkinga igjen. I det vi går forbi stova ser Kroksleiven ein damesykkel med korg framme som står der. Utruleg flaks, den var ulåst! Guten kasta seg på sykkelen, ikkje akkurat i TDF-stil. Minte meir om den Brelett/Bremykt (eller var det noko anna?) -reklamen der han for hoiiande bortover. Det tok sin tid før han kom tilbake, hjortebrøla inne i Kjenndalen var enorme. Eg lurte nesten på om det hadde blitt ei konflikt inni der. Trakka rundt på plassen der i dunjakke og søkkblaute sko for å holde varmen. Endeleg såg eg lysa på bilen. Klokka var no godt over 1900. Det vart sjølvsagt chips og cola på Esso Stryn.

Den beste ruta for å nå desse 2 toppane må være:
Parker ved Kjenndalstova. Gå langs vatnet og krysse dei små elvane. Dei kan vadast om du har gode fjellsko med litt høgde. Ca 400 meter langs vatnet i vegetert terreng, men heilt greitt. Når du kjem til stranda igjen går du gjennom skogen til Nesdal. Ruta inn dalen startar ved ei raud hytte. Følg dalen innover på austsida til du er på ca 500 moh. Her følgjer du ryggen oppover sør for den åpne rasrenna. Oppunder nokre fjellknattar må du finne ei rute opp, der går eit dyretrakk. Vidare rett oppover før du svingar sørover mot ein rygg. Etter kvart peilar du deg inn mot skaret på ca 1570 moh. Frå skaret har du 2 lette etappar. Retur same vei.

User comments

  • -
    avatar

    Takk for rapport!

    Written by arntfla 31.10.2015 19:37

    Anne og jeg har snakket om denne ruta i flere år, men aldri fått ut fingeren. Gøy å se bilder! Tenker det var en legendarisk tur, selv for deg!

    • -
      avatar

      Sv: Takk for rapport!

      Written by boven 31.10.2015 20:52

      Legendarisk tur ja. Vi skulle nok gått mot den sørlege elva, den som kjem frå 1280-vatnet (trur eg), når vi kom oppover eit stykke. No er forresten pinakkelen rasa ut fekk eg høyre. Anne har vel bedre info om ruta opp der.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.