Molde/Gjemnes: Raudheia (27.07.2015)


Startsted Parkering ved E39 (225moh)
Sluttsted Parkering ved E39 (225moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 15min
Distanse 8,5km
Høydemeter 460m
Kart
Bestigninger Raudheia (670moh) 27.07.2015
Steinliheia (601moh) 27.07.2015
Vinjar søv seg gjennom Raudheia
Vinjar søv seg gjennom Raudheia
God stemning på stikkutposten Steinliheia
God stemning på stikkutposten Steinliheia

Lise skulle på Snøtinden. Vinjar og eg tok turen til Raudheia som ho var på kvelden før. Starta frå parkeringa ved E39. Her er det skilting til Stikk Ut-posten Steinliheia og anna skilting til Raudheia. Gjekk forbi ein bom med PRIVAT på. Store feite skremselsliknande bokstavar. Denne veien er sjølvsagt naturleg å gå, men då må ein passere nokre hytter og det er trasig for dei som evt skulle være der. Gjekk heller stien over søkkblaute og myrete parti til den kom inn på denne veien igjen. Det er ingen vansker til desse toppane. Raudheia er flat og vid. Den store varden med bok er ikkje høgste punkt, så vi gjekk eit stykke bortover og over 2-3 aktuelle toppunkt. På retur møtte vi ein Stikk Ut-samlar som og hadde Peakbookkonto. Roy heitte han. Og når vi kom ned til veien gav eg fanken i den private statusen på veien og gjekk nedover forbi nokre hytter. Ikkje ei sjel å sjå. Ingen PRIVAT-merking når ein kom ovafrå så det var no heilt umuleg for meg å vite det vel!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.