Halsa: Knubben og Nessafjellet (20.06.2015)


Start point Engan (20m)
Endpoint Engan (20m)
Characteristic Hike
Duration 3h 13min
Distance 11.3km
Vertical meters 800m
Map
Ascents Grytfjellet (430m) 20.06.2015
Knubben (529m) 20.06.2015
Nessafjellet (441m) 20.06.2015
Toppvarde på Knubban
Toppvarde på Knubban

Dagens 2. tur. På Engan er det merka blant anna Hjelmkona og Englivatnet. Eg snakka med ei dame i gartneriet. Ho anbefalte meg å ikkje kjøyre med stor bobil innover. Sidan eg ikkje hadde anna info om veien høyrde eg på dette. Når eg kom opp til infotavla og bomkassa stod der til og med pris for lastebil. Då skjønte eg at her kunne eg lett ha kjøyrt opp. Veien til Englivatnet er veldig god. Trur uansett ikkje eg hadde spart all verden med tid pga av at eg då måtte flytta bilen mellom desse to toppbesøka.

Vel vel, trakka veien oppover med godt mot. Ca 600 meter før vatnet tok eg til høgre mot Englia på dårlegare vei. Her ville eg ikkje kjøyrt med bobilen. Passerte garden og nokre hytter, holdt fram på sti innover langs vatnet. Terrenget såg sørgelig ut. Endelause granfelt. Til slutt måtte eg berre ta sats og brende av oppgjennom jævelskapen. Kom opp over skoggrensa ca 500 meter søraust for toppunktet. Ingen bok i varden. Om du vil på denne toppen må det være andre muligheter, feks opp ryggen frå vest. Returnerte til vatnet, gjekk langs dette og over demninga, inn på veien på andre sida. Fulgte denne eit stykke før eg tok av bratt opp bukkemark mot skaret sør for Grytfjellet. Nesten oppe kom eg inn på ein slags traktorvei. Den er ikkje innteikna på kartet, men såg nok der den starta litt lenger oppe. Frå skaret bratt opp 50-60 høgdemeter før det flata ut. Gjekk mot høgste punkt som er Nessafjellet. For å korte ned returen gjekk eg ned ryggen mot nord der linjene møtest. Vidare under eine linja over stokk og stein i bukkemark ned til veien igjen. Kom ut i svingen ved bomkassa. Ein kronglete tur til 2 av dei minst spennande toppane i Halsa. Vidare til Hennasetra og finaletur i kommunen seinare på kveld.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.