Aure: Rundtur frå Todalssætra (30.05.2015)


Start point Todalssætra (100m)
Endpoint Todalssætra (100m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 31min
Distance 23.9km
Vertical meters 1,620m
Map
Ascents Hardfjellet (682m) 30.05.2015
Nørdkvistdalsfjellet (789m) 30.05.2015
Storlifjell (749m) 30.05.2015
Todalsfjellet (821m) 30.05.2015
Torsetkjølen (737m) 30.05.2015
Todalssetra
Todalssetra
Merking både hit og dit
Merking både hit og dit
Bratte parti på stien opp frå Todalssetra mot Todalsfjellet.
Bratte parti på stien opp frå Todalssetra mot Todalsfjellet.

Vi kom frå ei overnatting på Aure Camping. Der var vi einaste nordmenn, resten austeuropearar og tyskarar. Generelt mykje dårleg helse og kroppsleg forfall å observere. Fekk parkere den eine bilen der eit par dagar og kjøyrde bubil til Todalssetra. Planen var Todalsfellet. Veldig lett å finne fram, gjekk på merka sti bratt opp ryggen og vidare i slakt terreng til toppen. Fint ver, god pause med mat og kos. Vi starta returen i lag alle 3. Det gnog meg litt at denne fine dagen ikkje vart nytta fullt ut, så eit stykke nedover vart det gjort nye avtaler. Lise var forsåvidt fornøgd med Todalsfjellet som er i pf 500-klubben. Eg som hadde som plan å gjere ferdig Aure kommune ville ha meir. Vi skilde lag ca 550 moh og eg gjekk nordover igjen, på austsida av Nedre Sleipådalsvatnet, mellom vatna og så opp til Storlifjell. Var skikkeleg i dytten så gjekk vidare til Torsetkjølen før eg snudde sørover igjen. Gjekk tarmen mellom dei islagde Kuvatna og opp til Nørdkvistadfjellet. Vidare rett sørover mellom Kvistdalsvatna og opp til Hardfjellet. Herifrå vurderte eg retur ovar Amerikabruning og inn på stien til Todalsfjellet igjen. Dette verka imidlertid litt langt, så eg tok ein annan variant. Gjekk rett austover ned i botnen og kryssa Fjellbekkelva. Her kom eg til mi store glede inn på ein veldig god merka sti som eg fulgte ned til brua over Fjellbekkelva der veien på kartet sluttar. Her var det skilting 4-Fjell, turmålet var Amerikabrunin. Dette var eg ikkje klar over sidan vi ikkje hadde fullstendig oversikt over alle desse trimpostane i Aure kommune. Gjekk eit lite stykke oppover dalen på ein gammal traktorvei før eg kryssa elva og kom meg opp på sætrevegen igjen. Knappe 2 km veitrakking opp til sætra. Der venta Lise og Vinjar, middag var klar som vanleg. Takk for god mat Lise! Vi overnatta på Todalssetra, ein veldig roleg og fin plass. Plan for neste dag var den einslege toppen ca 4 km mot aust som her på PB har namnet Snøfjellet.

God stemning på toppen.
God stemning på toppen.
Torsetkjølen
Torsetkjølen
Frå Torsetkjølen mot Steingeita.
Frå Torsetkjølen mot Steingeita.
Enno mykje is på Kuvatna. Frå Torsetkjølen mot Nørdkvistadfjellet
Enno mykje is på Kuvatna. Frå Torsetkjølen mot Nørdkvistadfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.