Aure: Arasvikfjellet og Bergefjellet (27.05.2015)


Start point Arasvika fergekai (2m)
Endpoint Arasvika fergekai (2m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 27min
Distance 11.6km
Vertical meters 815m
Map
Ascents Arasvikfjellet (477m) 27.05.2015
Bergefjellet (597m) 27.05.2015

Ja, det er merka sti til Arasvikfjellet. Men kva hjelper det når det er steikje umuleg å finne den? Parkerte på fergekaia og inntok lunch medan bygene herja ute. Vi rota rundt og snakka med lokalkjende før vi fann stien. Her er korleis du skal gå: Parker på fergekaia. Gå opp bakken og ta til høgre på ein dårleg vei/traktorvei på toppen av bakken. Følg denne til du har passert ein liten bekk og kjem til ei mark. Følg gjerdet oppover, kliv gjerdet og hald fram opp til skogkanten. Ein svak sti langs gjerdet og på marka, men når du kjem opp i skogkanten finn du raudmerkinga. Stien oppover er lett å følgje og godt merka heilt til topps på Arasvikfjellet.

På vei til Arasvikfjellet. Bergefjellet bak
På vei til Arasvikfjellet. Bergefjellet bak

Vi skulle vidare. Fulgte stien eit stykke nedover før vi tok av mot Svarttjønna 309 som vi passerte på sørsida. Herifrå er det ein langdryg rygg til Bergefjellet, for det meste utan sti. På returen gjekk vi frå Svarttjønna austover langs stiar og dyretrakk til vi kom inn på den merka ruta igjen.

Frå Bergefjellet mot Storøra og Litløra
Frå Bergefjellet mot Storøra og Litløra

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.