Aure: Korsbekkfjellet, Ertvågsfjellet og Vardfjellet (26.05.2015)


Start point Lindåsen (90m)
Endpoint Giset (50m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 39min
Distance 15.0km
Vertical meters 950m
Map
Ascents Ertvågsfjellet (652m) 26.05.2015
Korsbekkfjellet (694m) 26.05.2015
Vardfjellet (512m) 26.05.2015
Meir 4-fjell. Denne turen gjekk til Einesaksla, ikkje aktuelt for oss.
Meir 4-fjell. Denne turen gjekk til Einesaksla, ikkje aktuelt for oss.

Vi kom frå tur på Litløret frå Ørbogen. Parkerte den eine bilen på Giset, der den merka ruta til Nersætra startar. Sette bilen der ein skogsveg startar og det står nokre vedapallar. Merkeleg at ruta ikkje startar der men ca 100 meter lenger nede opp ei skråning og gjennom eit granfelt. Kan vel tyde på lite samarbeidsvillege grunneigarar. Kjøyrde bubilen til Lindåsen der vi parkerte på ei stor lomme i ein sving. Eit par damer kom frå trimtur. Dei samla sjølvsagt desse 4-fjell-postane og var veldig ivrige. Vi kunne vist laste ned ein app og greier. Vi prata litt med dei meget lettliva damene før vi kom oss avgarde. Gjekk på vei og sti til Bergfallsetra, vidare lett oppover og til Korsbekkfjellet. Vinjar og Lise returnerte medan eg holdt fram nordover til Ertvågsfjellet og Vardfjellet. Lett å gå og å finne fram. Det var eit drygt parti frå Ertvågsfjellet til Vardfjellet, tuete og myrete i området rundt Holåråa. Nord for Vardfjellet kom eg inn på denne ruta som eg fulgte heilt ned til Giset. Kom ut til hovedveien på skogsveien, kvar den stien gjekk av var ikkje lett å sjå. Reknar med det ikkje er meininga å gå veien til endes sidan merkinga står lenger nede. Ja det gav eg sjølvsagt blaffen i, bilen stod der og ikkje såg eg folk heller. Så var det berre å kjøyre til Lindåsen igjen for middag og overnatting. Nok ein fin dag i Aure kommune i boks.

Korsbekkfjellet
Korsbekkfjellet
Frå Ertvågsfjellet nordover.
Frå Ertvågsfjellet nordover.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.