Aure: Litløret (26.05.2015)


Start point Ørbogen (50m)
Endpoint Ørbogen (50m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 45min
Distance 8.0km
Vertical meters 635m
Map
Ascents Litløra (637m) 26.05.2015
Merking mot Litløra
Merking mot Litløra

Vi var på Storøra dagen før, og overnatta på den vesle parkeringa på Ørbogen. Fekk oss ein prat med ei eldre kone som var ute og såg til sauene sine. Eit stakkars lam var hennar store bekymring. Ho ønskte oss god tur, vi takka for praten. Mykje trivelege folk å møte når ein reiser rundt i landet på slike prosjekt.
Hadde eigentleg tenkt å kombinere desse to toppane i ein tur, men skodda dagen før sette ein stoppar for det. Ok ver utan nedbør denne dagen, men skodda hang godt nedpå. Fulgte same ruta som dagen før fram til skiltet med Litløra. Derifrå sti som var grei å følgje opp i Ørbodalen. Oppe i skaret tok stien av opp den bratte sørryggen til Litløra. Eit par parti der vi måtte være ekstra konsentrert, spesielt med bæremeis på ryggen. Kort besøk på toppen før vi returnerte same veien. Vidare til Ertvågsøya og tur til Korsbekkfjellet.

Frå Ørbogdalen
Frå Ørbogdalen
Ryggen mot Litløra
Ryggen mot Litløra
Lise og Vinjar nærmar seg toppen.
Lise og Vinjar nærmar seg toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.