Oppdal/Sunndal/Lesja: Litlskrymten og anna snacks (09.05.2015)


Startsted Jenstad (520moh)
Sluttsted Jenstad (520moh)
Turtype Skitur
Turlengde 12t 41min
Distanse 56,0km
Høydemeter 3345m
Kart
Bestigninger Blåfjellet (1716moh) 09.05.2015
Gruvnebba (1605moh) 09.05.2015
Høgtangan (1805moh) 09.05.2015
Litlskrymten (1961moh) 09.05.2015
Skirådalskollen (1857moh) 09.05.2015
Vestre Skuleggen (1721moh) 09.05.2015
Østre Skuleggen (1659moh) 09.05.2015
Steinkollen (1782moh) 09.05.2015
Storvasskollan (1813moh) 09.05.2015
Otto går mot Litlskrymten og Storskrymten
Otto går mot Litlskrymten og Storskrymten

Otto har skrive ein glimrande rapport med mange flotte bilder frå denne turen. Skriv derfor ikkje så detaljert. Dette er eit sugande prosjekt som eg har grubla på tidlegare. Otto hadde ruta klar, inkludert ein topp eg ikkje hadde tenkt på, Skuleggen. Veldig heldig at vi fekk til dette, med eit fantastisk ver og godt selskap. Ingen av oss synest det er heilt ok å gå på slike turar heilt åleine. 12-13 timar er lenge. Den første mila gjekk vi med skia på sekken, til Veidemannsbua. Tok av bratt opp til snøen derifrå. Knallhardt mesteparten av turen, det vart mange gongar av og på med skia og av og på med kortfeller og langfeller. Ein del heldige valg underveis sparte oss for mykje tid. Likavel var det ingenting gratis her. Frå siste toppen Gruvnebba var det knallhard nedkjøyring mellom steinar og renner. Avslutta i Oppdal med middag og primærfaktorprat. Johan kom og, han hadde vore på Dronningkrona. Les og Otto sin rapport!

http://peakbook.org/tour/125360/Siste+topp+i+Oppdal+%3E100m+PF..html

Otto kjem til Skirådalskollen. Snøhetta bak
Otto kjem til Skirådalskollen. Snøhetta bak

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av lyngve 10.05.2015 21:24

    Eg ser at du såvidt drista deg over fylkesgrensa til Sør-Trøndelag, kanskje du byrjar å samle PF50 der og?

    • -
      avatar

      pf 50

      Skrevet av boven 10.05.2015 22:07

      Nei ein plass må galskapen kjenne si begrensing. PF 50 for Sunnmøre og Nordfjord. Ellers 100 :-)

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.