Surnadal/Hemne: Dyrstolan, Hardbakkfjellet, Neverholtfjellet (30.04.2015)


Start point Toreseter (180m)
Endpoint Toreseter (180m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 3h 30min
Distance 18.5km
Vertical meters 1,065m
Map
Ascents Dyrstolan (929m) 30.04.2015
Hardbakkfjellet (846m) 30.04.2015
Hardbakkfjellet nordtoppen (846m) 30.04.2015
Neverholthøgfjellet (702m) 30.04.2015
Frå Dyrstolan vestover. Hjelmen til venstre, Tustna bak til høgre
Frå Dyrstolan vestover. Hjelmen til venstre, Tustna bak til høgre

Som i går gjekk Lise og eg denne turen som 2 soloprosjekt. Kjøyrde til Toreseter og ringde på ei dør, snakka med ei kone og mannen Jostein Olav eller Olav Jostein. Fekk parkere og litt tips som viste seg å være tidkrevande. Kom meg avgarde ca 0900 og gjekk opp langs scootertrase på austsida av elva, retning Vassdalsvatnet. Her vart det forferdeleg mykje skia av/myrtrakking med ski på før eg kom meg over kanten og ned til vatnet. Overraskande lite snø innover og opp mot Dyrstolan men gjekk med skia på. Dei austvende sidene i dette området var mykje meir snørike. Dyrstolan er ein flott topp. God utsikt i alle retningar i strålande ver. No var planen vidare rundtur. Tok av feller og glei mot Hardbakkfjellet. Kom til kraftlinja, fellene på og lett stigning til toppen. Det er to toppunkt, det nordlegaste virkar definitivt høgast sett frå begge toppane. Legg inn den nordre med samme høgde 846 moh, men denne kan være høgste punkt på fjellet. Hardbakkfjellet er grensetopp mot Halsa, har korrigert dette. Av med feller nok ein gang og langt gliparti rundt fjellet sør for Hardbakkhytta og ned til skaret nord for Neverholthøgfjellet. 100 nye høgdemeter til siste topp. Her var det nok ei av desse trefjølene med bokstavar på. Skispor så eg kunne følgje austover. Utruleg nok kunne eg renne heilt ned til hovedveien på vestsida av Hardbakkelva. Venta ei stund før Lise og Vinjar kom. Sende ho avgarde med gullinfo om snøforholda.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.