Meldal/Rindal: Raudfjellet, Svarthatten og Tovdalsberga (28.04.2015)


Start point Resvatnet (500m)
Endpoint Resvatnet (500m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 49min
Distance 25.0km
Vertical meters 1,000m
Map
Ascents Raudfjellet (952m) 28.04.2015
Svarthatten (938m) 28.04.2015
Tovdalsberga (1,063m) 28.04.2015
Glimrande pulkterreng frå Resvatnet til Raudfjellet
Glimrande pulkterreng frå Resvatnet til Raudfjellet

3 grensetoppar mot Sør-Trøndelag var dagens mål. Kjøyrde frå Rindal merka Resvatnet på dårleg vei, over fylkesgrensa på endå dårlegare vei. Parkerte på stor parkeringsplass, merking Jøldalshytta 15 km. Innover veien vart det ein del luring for å få pulken gjennom utan for mykje grusdraging. Kryssa Raudfjellbekken nord for Sausætra og peila oss mot Raudfjellet. Eit merkeleg grått skysystem var under oppbygging rett sør for oss. Valget var at Lise og Vinjar returnerte medan eg skulle plukke 2 til. Lise kjøyrde telemark med Vinjar bak. Utruleg kor fint den pulken svingar nedover. Eg gassa på vidare på fjellskia mot Svarthatten. La på langfellene og opp ryggen frå nordaust. Vinden auka på og ei jæklige snøbyge kom deisande. Gjekk med skia på skuldra på bart fjell sørover og runda Midthattan på austsida. Pause med påkledning og tenking. Null sikt mot Tovdalsberga. Var bestemt på å gi meg her men venta litt.....Plutseleg kom sola igjennom og byga var over. Etter nokre minutt var det blå himmel igjen og lettelse i antrekk. Gjekk mellom reinsdyr og kosa meg til Tovdalsberga. Flott utsikt mot Rindhatten og Trollhøtta. Glei til Raudfjellvatnet utan eit stavtak, rundt vatnet på austsida og vidare den trasige transporten på vei ut til parkeringa.

User comments

  • -
    avatar

    Sør Tr.lag

    Written by otto 28.04.2015 23:44

    Har dere krysset fylkesgrensa og blitt trøndere. Ps på vei til Lerkendal....?

    • -
      avatar

      Fylkesgrensa og norsk fotball

      Written by boven 29.04.2015 21:36

      Mi interesse for norsk fotball (inkl landslaget) døde i forrige årtusen. Ja vi tok turen over fylkesgrensa for ein familietur denne dagen. Gode pulkturar må ein leite litt etter, men denne var fin til den slags!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.