Surnadal/Rindal: Ura, Kufjellet, Trollhøtta og Gaddfjellet (27.04.2015)


Start point Folddalen (450m)
Endpoint Folddalen (450m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 15min
Distance 32.1km
Vertical meters 1,683m
Map
Ascents Bolmtrollhetta (1,251m) 27.04.2015
Gaddfjellet (916m) 27.04.2015
Kufjellet (1,080m) 27.04.2015
Litltrollhøtta (889m) 27.04.2015
Ura (1,178m) 27.04.2015
Gaddfjellet, lavaste toppen lengst borte på turen
Gaddfjellet, lavaste toppen lengst borte på turen

Soloprosjekt frå Folddalen. Parkerte der den merka ruta til Ura startar. Gjekk på hardt og godt føre forbi Aunesætra og inn Storbekkdalen. Vidare rett mot Kufjellet. Glei så langt eg kunne til austsida av Austre Bøluvatnet. Opp mot Trollhøtta såg det dårleg ut med snøen, men klarte det med skia på heilt til topps. Mykje rein, såg og ei med liten kalv. Ein kar hadde skrive seg i boka før meg denne dagen. Nord for Trollhøtta var det eit helsike nedover på islagt svineri. Enda med ski av og labbing nedover. Nordover til Gaddfjellet, der samme karen hadde skrive i boka der og. På heimveg gjekk eg over Litltrollhøtta for å få gliparti heilt til sætrane sør for Rennslivatnet. Då var det siste bakken til Ura. 500 høgdemeter i sol og veldig god temperatur. Frå Ura og rett sørover var det eit legendarisk styresløshlag som gjorde at eg faktisk for ein forbanna gongs skuld fekk til å sette telemarksvingar med Nansenskia. Lett og fin nedkjøyring heilt til bilen. Sidan eg først var her kjøyrde eg heilt inn til demninga. Der møtte eg ein kar som viste seg å være Geir Hafskjær, ein av forfattarane til boka "101 skiturar på Nordvestlandet". Den har eg liggande her i Todalen så det vart ein lang prat med han.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.