Tingvoll: Vetten (27.03.2015)


Startsted Rotås (115moh)
Sluttsted Rotås (115moh)
Turtype Fottur
Turlengde 1t 49min
Distanse 7,4km
Høydemeter 345m
Kart
Bestigninger Vetten (433moh) 27.03.2015
Vetten, mast og bu. Tom kasse
Vetten, mast og bu. Tom kasse

Vi kom til Rotås og lurte litt på parkering. Ikkje alltid kjekkt å kjøyre inn i tuna til folk. Parkerte på ei lomme der det stod nokre vedapallar. Etter lunch og pakking kom ein kar på traktor som vi stoppa. Han var litt forsiktig i starten, men då vi først fekk han på gli var det nesten så han ikkje ville slippe oss. Hardast gjekk det ut over naboen, han Erling, som vistnok var meir opptatt av hjort enn å få til veden som han hadde hatt liggande i fleire år til råtning. Etter mykje lått og løje takka vi for praten og gjekk avgarde i god tru. Tipset var å følgje scooter/atv trakket til masta. Dette viste seg å bli ein rundtur av det heilt store. Endeleg oppe på toppen var det iallefall sikkert at ned igjen skulle vi ta ei anna rute. Fulte linja heilt ned til markane og inn på traktorvei til gardstunet. Skal ein til denne toppen frå Rotås er vårt tips å følgje denne linja.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.