Rauma: Kalskråtinden og Mongejura (08.10.2014)


Start point Remmem (100m)
Endpoint Remmem (100m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 45min
Distance 18.0km
Vertical meters 2,200m
Map
Ascents Kalskråtinden (1,801m) 08.10.2014
Søre Kalskråtinden (1,538m) 08.10.2014
Mongejura (1,317m) 08.10.2014

Johan var ein av dei som fekk tlf med oss kvelden før. Han forklarte oss kvar vi skulle finne stien. Parkerte aust for busslommen på Remmem, rusla 100 meter vestover langs ein forferdeleg tungtrafikkert veg til raudmerkinga. Stien oppover er lett å følgje, og i seg sjølv verdt å gå berre opp til vatnet. Fin tur det og! Holdt høgda godt på vestsida av vatnet, såg godt at vi måtte ned litt til skaret på 1064. Kalskråtinden var innhylla i ein skoddehatt heile dagen, men på returen på Mongejura var den synleg heilt til topps. Dryg bakke frå skaret til toppen. Satte igjen sekkar nord for 1538-toppen som vi plukka på returen. Ny bok i kassa, første namn 19.juli. Berre 12 innskrivne sidan det. Siste var eit kjendt namn, Arne Mæhlen, som riktignok lever eit år foran oss andre. Retur over 1538 og Mongejura, mot vatnet og inn på stien igjen. Flott dag med litt vind og synd med skodda på toppen. Nedover lia stilna det og vi mått lette antrekket. Geir Arne reiste austover igjen, eg tok ein dag til i Isfjorden.

Kalskråtinden med skoddehatt
Kalskråtinden med skoddehatt

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.