Rauma: Romsdalshornet - Halls renne (14.09.2014)


Start point Venjesdalen parkering (730m)
Endpoint Venjesdalen parkering (730m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 19min
Distance 4.9km
Vertical meters 850m
Map
Ascents Romsdalshornet (1,550m) 14.09.2014

Ettersom turen på Venjetind var over ca 1530 var Janne og eg klar for eit forsøk på Romsdalshornet. Har sett og lest mykje om denne Halls renne og vurderte det slik at vi begge var i stand til å gjennomføre dette. Janne har i tillegg til eit godt humør og over middels kondis, sterke sider både med klyving og høgde. Dei andre var slitne, klare for heimreise eller prioriterte andre oppdrag.

Vi kom oss avgarde frå parkeringa ca 1600 med avtale om henting kl 2000. Ruta oppover såg på avstand mildt sagt hårete ut! Etterkvart kom vi inn på den raudmerka stien som snirklar seg oppover. Oppunder eit brattare parti stoppa denne merkinga, og vi prøvde oss litt til høgre etter tips frå Johan. Vi kan ikkje ha funne den ruta han brukte så det vart rett og slett litt ugreitt oppover. Men det ordna seg, håpet var at vi fann noko greiare nedover. Neste krevande parti var klyvinga øverst i Halls renne. Frå skaret og oppover klyving med gode tak. Det skal likavel ikkje gjerast noko feilskjer her. Det var med ein litt uggen mage at eg kom opp på toppen, var fullstendig klar over at turen ikkje var over enno.

Romsdalshornet
Romsdalshornet

Skreiv oss inn i boka i hytta. Janne står utanfor og fotograferer og snakkar høgt med seg sjølv: "Skal tru kvar Tom Erik hoppar i dag?" (Laurdag kveld møtte vi han i Åndalsnes) Akkurat i det ho ha sagt dette høyrer eg fotsteg bak hytta, og der stod sjølvsagt Heimen. Vi fekk sjå punktet som dei hoppar frå, ja suget i magen vart enno verre. Fyflate! Vi hadde sjølvsagt veldig lyst å sjå han sleppe seg utfor, men med tanke på tidkrevande prosjekt framfor oss takka vi for praten og starta nedstigninga. Vi plukka med oss eit ca 10 m langt tau frå hytta, med avtale om å gi bekjed at alt hadde gått bra nedover, samt personleg overlevering av tauet.

Klyvinga nedover forbi det vanskelege partiet i Halls renne gjekk bedre enn frykta. Eg gjekk først og kunne dirigere Janne litt etterpå. Då var det berre det bratte stygge partiet nederst igjen. Tom Erik snakka om ein sti.. og den fann vi varding til når vi kom ovanfrå. Denne var grei å følgje langt nedover heilt til det gjenstod nokre få meter. Der vart vi ståande ved nokre rapellslynger og ein 4-5 meter ned heilt utan tak. Utan taustumpen i sekken måtte vi nok ha gått oppover igjen eit stykke og leita etter ei anna løysing. No tredde vi tauet gjennom slyngene og brukte det til å halde oss i medan vi slapp oss ned. Dette gjekk meget bra. (heilt sikkert ikkje slik som det skal gjerast!). Men no var vi inne på raudmerkinga igjen og det var planke nedover. Tilbake ved parkeringa ca 1920, turen tok 3t 20 min. Rusla nedover dalen til vi møtte skyssen. Måtte fleire gongar snu oss og sjå galskapen. Ubegripeleg at denne sida er farbar for folk.

Ruta går opp omtrent mellom Janne og den gule flekken
Ruta går opp omtrent mellom Janne og den gule flekken

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.