Rauma/Stordal/Vestnes: Sandfjellet, Dyrdalstinden og Storbua (30.08.2014)


Start point Pusken sæter (390m)
Endpoint Pusken Sæter (390m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 05min
Distance 17.9km
Vertical meters 1,650m
Map
Ascents Dyrdalstinden (1,371m) 30.08.2014
Kvasstinden (1,375m) 30.08.2014
Månvasstinden (1,467m) 30.08.2014
Sandfjellet (1,470m) 30.08.2014
Storbua (1,498m) 30.08.2014
Trollbotntinden (1,338m) 30.08.2014

Vi kom til Pusken seter fredag kveld. Etter ei god natts søvn og den vanlege tidkrevande morgon/frokost/kaffe/pakkesjauen kom vi oss avgarde ca 1200. Vi er alltid seine, sånn er det berre! Gjekk først veien innover dalen og tok av langs eit jorde rett før betongbrua over elva. Grei sti innover heilt til Jolbotnen. Møtte 4 stk her som skulle gå rundt Storlihornet. Dei fortalde litt om stien mot Kleivabotnen som vi prøvde følge dagen etter.

Frå Jolbotnen sikta vi oss inn langs elva som går mot det lisje vatnet oppe i ei kupe. Vidar lett oppover, litt raudmerking og varding kom vi plutselig innpå og, er dette ei rute som kjem frå nordsida? Kjempeflott på Sandfjellet, lang pause der med god mat og avslapping for både gammal og ung. Vidare bortom Kvasstinden og opp til Storbua. På dei 2 første toppane var det bøker, på Storbua berre ein tom plastboks. Var no litt i tvil om egga til Dyrdalstinden sidan vi hadde med guten. Etter litt tankearbeid gjekk vi vidare. Lise droppa Månvasstinden, men eg beina opp der ilag med Vinjar. Her skal det og være bok (fekk sms frå kolla (Kolbjørn Tjessem) som hadde gått i spora våre dagen etter, han sakna signaturen vår i den boka :-)). Utruleg at vi ikkje møttest eller såg kvarandre på Pusken. Egga mot Dyrdalstinden var fin å gå, måtte bruke nevane nokre plassar. Rett før toppen var det eit par små klyveparti, hverken luftig eller vanskeleg. Dyrdalstinden var ganske flittig besøkt. God sti nedover til Pusken. Vinjar er ein svært tolmodig kar, eg hadde bært han heile dagen utan problem. Han får iallefall eit nært forhold til svettelukta til far sin. Men no måtte mor ta over, og han sovna igjen med ein gong. Nok ein kjempefin turdag i boks!

Frå Storbua mot Dyrdalstinden, spennande egg. Pusken langt der nede.
Frå Storbua mot Dyrdalstinden, spennande egg. Pusken langt der nede.
Dyrdalstinden, nordover mot Sandfjellet, Storbua og Månvasstinden
Dyrdalstinden, nordover mot Sandfjellet, Storbua og Månvasstinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.