Archive - Date

Collected lists

Kjapp skitopp - Muen

Date:
12.02.2005

Helga11.-13. februar '05 overnatta Morten, Ingvar og meg på Venabu, eit gamalt og klassisk høgfjellshotell på Venabufjellet (evt Ringebufjellet). Her var det sauna, bordtennis, biljard, Pjotr (spela til dans), god mat, arkade - maskin og Idol-sending på tv-rommet. Dog var det Muen, kommunetoppen i Ringebu som var målet for laurdagen. Det var småkaldt, men lettskya og til dels sol så her var det berre å lange i veg. Ein kar sin kjæraste hadde sagt at toppen likna ein pupp og dermed var motivasjonen mogleg større enn vanleg denne dagen. Me køyrte godt opp på fjelllet og fann ei lomme å parkere nord for Muen sjølv om det ikkje er vinterparkering her oppe. Rimeleg bratt tur opp, men me skulle opp på ski for gutane hadde bakkeski med seg og då er det jo stas å stå i bratte heng. >>>

Map