Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Sumar, sur vind og solosundag

Date:
14.07.2013

Nok ein gong fann eg meg sjølv på parkeringsplassen ved innkøyringa til Tronhus ikkje langt frå Lenningen i Gausdal vestfjell. Denne gongen med fjellsko på. Lettvint og kjekt er det når familiemedlem faktisk vil ut på tur. Eg gav meg med mor og tante Kikki innover mot Djuptjørnskampen, som var målet dei hadde sett seg for dagen. Klokka vart halv eitt før me var igang. 13:20 sa eg adjø og farvel og traska i veg i retning Solskiva. Fortsette nordøstover for denne og var kjapt oppe på Sørvestre. Visste ikkje kor god tid eg hadde med tanke på "turfølgjet" mitt og framgangen deira. Dette, kombinert med sur og sterk vind, gjorde at eg held eit relativt høgt tempo med innslag av jogging. Fortsette over Vestre, ned att, over ein sokalla Storkvelv, bratt opp att på sjølvaste >>>

Map    

Hugs fjellsko

Date:
12.07.2013

Eg vil ha fri, eg vil ha sol og varme dagar... syng dei på radioen. Fredag 12. juli hadde alt dette og meir. Visst har me vore i Vestfjellet før. Visst har me vore på Snæreskampen, Solskiva og Djuptjørnskampen før. Men det var i fjor. Med svært få toppar att på Topptrimkortet for i år, bestemte eg og Marte Stine at det kunne passe fint å køyre til Toftsætra, parkere, greit bestige Snæreskampen og deretter traske den druge turen inn til Skjellbreida og deretter opp på det flotte massivet på 1325. Jaudå, ein fin plan. Dagen låg føre oss då me kl 08:14 køyrde frå ein av desse evinnelege daglegvarebutikkane i Østre Gausdal. Med Reiseradioen gjekk bilturen smertefritt og den storslagne utsikta me fekk idet den stakkars bilen kom opp over haugen på Værskei, gjorde at det kribla >>>

Map    

Varden att

Date:
11.07.2013
Map    

Kveldstur på Kyrakampen

Date:
10.07.2013
Map    

Stylskampen og badetur

Date:
07.07.2013
Map    

Espedalen på sitt beste

Date:
06.07.2013
Map    

Sumar, sol og Suluhøgder

Date:
05.07.2013
Map    

Kveldstur i Torsdalen

Date:
02.07.2013
Map    

Sundagstur

Date:
30.06.2013

Stempla topptrimkort på Trona. Med på turen var mor, to tanter og fire bikkjer. Kom meg ned til Svatsum kor Marte Stine venta. Det bar innover til Revsjøen. Herfrå gjekk me opp på Nonstjønnkampen, au eit topptrimmål i år. Rasta godt i le bak ein stein før me rusla nedom Søre Nonstjønnkampen. Fint turvêr i dag; overskya, mildt og nesten ikkje vind. Når ein ikkje har all verda med tid og ressursar, er det fint å ha eit prosjekt som Topptrimmen å pusle med, sjølv om eg har vore på alle fjella før. Saknar likevel å utforske nye område. Hadde ein fin dag i fjellet. Takk for turen!

Map    

Filosofisk på Kyrakampen

Date:
18.06.2013
Map