Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (8)
-
Skitur (2)
- Fjellskitur (1)
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Eg saknar Sogndal!
- Dato:
- 01.09.2013
Etter å ha budd i Trondheim i tre veker, var det på tide å kome seg ordentleg opp i høgda... Eller, i alle fall så høgt det let seg kome her. Sundag med flott sol. Gjekk nærast i ei gågate frå Fjellsætra og innover. Bikkjer, folk, andre dyr, ungar, syklistar; det einaste eg ikkje såg var skilauparar. Grusvegar, tilrettelagte stigar og plank gjorde verkeleg turen "opp" til plankekjøring. På toppen var det vanskeleg å få sitjeplass. Utsikta var fin. Godt å kome seg ut på tur og det er fint å sjå at andre også kjem seg ut, men uansett kor ein dreg ut her, gløymer ein aldri at ein bur i ein by. Eg lengtar attende til stilla, bratte, steile fjell, motbakkar og attvokse stigar.
Snøhetta
- Dato:
- 24.08.2013
Allereie før studiestart hadde eg og Kristine fått nok av tilveret i byen. Då me såg at vêrmeldinga for helga var god, pakka me saman, kasta telt og fjellsko inn i bilen og la oss tidleg fredag kveld. Laurdag morgon kl 7 drog me til Hjerkinnhus og var innstilte på å ta buss til Snøheim 9:45. Me var ikkje dei einaste me desse planane, så me måtte pent vente i 45 minutt. Litt før 12 var me klare for avgang. Strålande haustsol, frisk luft og mild temperatur. Teltet slo me opp ved Istjørni. Utruleg flott stad. Tida gjekk, som ho plar gjere. For fyrste gong på eit par veker hadde me ingenting me måtte rekke, så klokka vart nærare to før me tusla oppover mot hovedtoppen. Dei fleste var no på veg ned att; det var ein uendeleg straum av fargerike allvêrsjakker. Etter eit par timar >>>
Storhøa
- Dato:
- 05.08.2013
Satt på med mor til Espedal handel og installerte meg på bakrommet før eg og Marwin traska i veg mot nikkelgruva og målet for dagen; flotte Storhøa. Opp forbi Gammelsætra. Forbi gruva og over luretoppane før me stod ved varden etter berre litt over ein time. Hadde sett fram til utsikta eg veit ein kan få herifrå, men kringliggjande gråvêr med skyer og regnbyger øydela litt. Likevel grei temperatur, litt solskin og ikkje altfor mykje vind. Gjekk innom Storgruva på veg ned og skreiv i boka. Resten av dagen i Espedalen vart nytta til å lese i "Bibelen" og drøyme seg bort.
Sundagstur på Skei
- Dato:
- 04.08.2013
Ein roleg morgon heime og klokka vart nærare høgstdag då eg og Marwin parkerte bilen innst i Torsdalen. Eg hadde eigentleg berre tenkt å lufte hunden, og hadde difor ikkje nokon konkret plan for dagen. Det verka naturleg å rusle opp mot Prestkampen fyrst. Godt vêr, ein del vind på toppen. Storslagen utsikt, som vanleg. Hadde tilfeldigvis ein kikkert i sekken. Studerte dei snødekte tindane i Jotunheimen før eg kom på at eg skulle skrive meg inn i protokollen. Ein av dei utallige posane flaksa sjølvsagt høgt til himmels i den kraftige vinden, til stor begeistring for ein flokk ungar med foreldre som sat og rasta nedanfor toppen. Eg bestemte meg for å ta same veg som posen og traska i veg i retning Bånsæterkampane. Plutseleg låg posen frå Spar der, like ved stien. Eg lista meg >>>
Bitihorn
- Dato:
- 27.07.2013
Eg og Kristine køyrde frå Espedalen laurdag ettermiddag. Åt god mat i Skåbu før det bar vidare på Jotunheimvegen. Parkerte bilen, tok sekkane på ryggen og tusla innover på stien som går opp på Bitihorn frå nord. Like ved reingjerdet slo me opp teltet. Deretter gjekk me i nydeleg kveldssol og god temperatur opp på toppen. Litt over ti sto me ved varden og hadde fantastisk flott utsyn. Tett innpå Jotunheimen og konsert med Kurt Nilsen (som spelte på Beitostølen) på akkurat passe avstand. Kakuskive med nykkjylost før ei fin sumarnatt i telt. Takk for turen!
Langsua og meininga med livet
- Dato:
- 20.07.2013
- Turtype:
- Fjelltur
Laurdag 20. juli. Ventande og lengtande sleit eg meg gjennom fem fantastisk langsame timar på jobb i Espedalen. Vêret var sjølvsagt strålande. Planen for resten av helga var enkel; fjelltur. Etter å ha vore ein drug snøggtur nedom Gausdal for å pakke, handle og hente turfølgjet mitt, bar det oppattover same vegen. Halv seks parkerte me på Feplassen på Revsjøen. Godt og vel tjuge gradar, varm vindgufs. Alt var berre fryd, fred og ro og me tok oss god tid. Eg måtte nærast vekkast etter ei av drikkepausene. Litt etter halv ni kunne me opne døra til den tomme Langsubua, bryte alle normar og reglar om forsvarleg fyring i julivarme og koke opp vatn for så å verte servert ei kulinarisk oppleving frå Fjorland. Ein tur ut i kveldssola vart det au tid til før me spelte kort og sovna.