Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Amleholten

Date:
27.04.2013
Map    

Jotunheimen

Date:
16.04.2013
Characteristic:
Backcountry skiing

Skitur i Jotunheimen med friluftslivklassa. Start på Huldehaugen over Turtagrø, gjekk til sjølvbetjent kvarter på Krossbu. Ikkje ein stad eg tilrår nokon å vere på vinteren. Her fannst lite, mellom anna var det ikkje vedomn der. Opprinneleg rute til Olavsbu over Smørstabbreen onsdag vart endra grunna vêr og form. Nokre sleit ganske mykje. Gjekk Vetle Utledalen, men i staden for å gå innover Storutledalen, måtte me innsjå at gruppa ikkje kom til å nå fram. Såpass langt nede møtte me i tillegg eit ufatteleg gjennomslagsføre. Det var mykje snø, og han pakka seg rundt ein viss ein skulle vere så uheldig å tippe over. Fleire måtte grave ut ski etter å rett og slett ha gått seg bom fast. Ein annan hamna på hovudet ned i snøen, noko som fort kunne vorte farleg sidan han ikkje >>>

Map    

Laussnødraum på Vangsen

Date:
13.04.2013

Heilt sidan eg for fyrste gong las om fjellkolossen Vangsen, har eg lengta etter å stå på toppen. Etter å ha nytta kvart ledige sekund kvar dag heile veka på å oppdatere yr.no og vêrmeldinga for Jostedalen og Breheimen, kunne me pakke bilen full og haste mot fjellet rett etter foredrag og kor fredag ettermiddag. Turen til Vangsen er beskrive som ein topptur som tek fem timar. Me bestemde oss for at me ville utnytte heile frilaurdagen, og dessuten vere aldeles sikre på at alle skulle kome seg opp til varden. Difor lånte me like så godt telt og brennar frå skulen slik at me komfortabelt kunne tilbringe natta ved Vanndalsvatnet, 1045. Ei stund etter middagstid traska me altså i veg frå Myri, 500 moh, og oppover Vanndalen. Eit tynt lag med pudder dekte den hadre skaren og dei mange spora. >>>

Map     2 comments

Frudalshesten

Date:
04.04.2013
Map    

Fagerhøi og Dørdalskanppan

Date:
01.04.2013

Skitur med mor, far, Marwin, tante Kikki og Per. Tok meg ein tur oppom Dørdalskanppan før eg fortsatte etter dei andre til Fagerhøi. Byrja turen opp på toppen med ski, men måtte etter kvart gje tapt for knallharde og isete skavlar. Praktfull utsikt frå toppen. Skreiv meg inn i den vesle blokka som låg i kassa før eg rende ned mot Østre Dørdalsknappen. Flott skare, tok likevel av meg turlangrennskia i dei brattaste skråningane. Godt med nistemat på Fagerhøi. Som elles i påska: strålande sol frå skyfri himmel. Lett vindgufs. Ein del folk og dyr. Flott dag i fjellet, fin avslutning på påskeferien.

Map