Helleberget (30.09.2012)


Karte
Besteigungen Helleberget (988m) 30.09.2012

Sundagstur med Kristine. Dro frå skulen kvart på elleve, parkerte ved Hollekve. Følgde fint merka sti i myrlendt terreng langs Stedjekammen, forbi Rysete og vidare opp på Helleberget. 5 km og 500 høgdemeter gav ein roleg tur. Greitt vêr, nokre regnskurer. Varmt i lufta. Fekk fin utsikt mot Sogndal, med mellom anna Tylderingen, Storehaugen, Nuken, Hesteggi, Slakkafjellet og Skriki i biletet. God lunsjpause før me rusla ned att same vegen. Fekk sett litt av skiløypenettet og ikkje minst terrenget elles ved Hollekve; eg gler meg til vinteren! Attende på skulen litt over tre. Takk for ein fin tur!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.