Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rust på fjellski

Date:
14.02.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:57h
Distance:
15.0km

Etter kald heimekontorveke på hytta, blei temperaturen til slutt ok for ein litt lengre tur. Starta ved Gryteåi i minus 14, biltermometeret viste 12 kalde då eg kom nedatt. Fine spor forbi Hovdestaul og til Fjøllstaul, så skuterspor. Var litt i tvil om rasfaren då eg kom opp under toppen, men valde å gå litt rundt toppen for å unngå dei verste bratthenga. Mange skuterar hadde køyrd overalt, og sjåførane rasta eit stykke nedanfor toppen; dei var ikkje urolege for rasfaren! Heilt stille, ok temperatur å gå i, og fin nedkøyring i kald, passe djup nysnø - i alle fall når eg kom eg ned frå dei forblåste fokkpartia øvst oppe. 15 km, 595 hm, var borte i knappe tre timar.

Map    

Rådalshøgda Vest

Date:
30.01.2021
Characteristic:
Ski trip
Duration:
3:13h
Distance:
19.2km

Skitur frå Skar. Då eg kom på toppen av Vidarløypa, fekk eg det innfallet å klore meg opp på Rådalshøgda. Sein ettermiddag, låg sol, hardt underlag under kald nysnø, minus 10-12. måtte ta av skia i dei to brattaste henga der det var hardt under granene. Nydeleg topplatå, låg sol, store rare vifteforma snøkrystallar, open fin myr mellom to låge høgder. Hadde eit uhell på vegen ned som gjekk bra heldigvis. Tok av med skia i den bratte granufsa. Men det var så hardt og bratt at skiskoa mista festet. Eg rutsja ned mellom granene i alle fall 20 meter medan ski og stavar låg strødd. Unngjekk heldigvis granleggene! Ned til løypa igjen og isane heim til Skar. Rosa himmel og bål fleire stader ved strendene rundt Øyungen. Gjekk aleine. 19,2 km, 3 t 13 minutt, 461 hm.

Map    

Draumeforhold til Tveitakvitingen

Date:
28.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:30h
Distance:
21.0km

Denne turen har eg tenkt på i nokre år, og no klaffa det med fridagar og vêr. Fekk også koordinert litt med kusine Kari, så eg overnatta med selskap på campingplass i Norheimsund, debut i campingvogn! Felles frukost og så køyrde vi til Kvamskogen. Takk til Laskemoen for info om startstad, men pga bom, måtte vi starte heilt nede ved bilvegen, og tusle oppover. Kari skulle berre halde følge så lenge ho kunne gå på beina, og det kunne ho heilt til Mødalssetra. Nydeleg stad! Eg sette på skia ca 500 meter før det, og kunne kanskje gjort det enda lenger ned om eg hadde vore budd på å ta skia av og på. Det var eg ikkje, så eg gjekk på skia frå brua over bekken før den bratte bakken oppover mot setra. Sol, ikke vind, passe temperatur. Sugande føre med slush. Om det er noko som >>>

Map    

Østre Kista

Date:
27.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:42h
Distance:
9.4km

Køyrde frå hytta til Haukeliseter. Vind, fire grader, skiftande skydekke. Gjekk på bløtt føre, litt uroleg for varselet om sørperas og skredfare 2. Men runden til høgre opp til Østre Kista gjekk fint. Av og til yr, då sol, og på toppen litt snø og ganske mykje vind. Niste på nordsida av varden der det var le. Same vegen nedatt, for eg var usikker på kor bratt den austlege traseen vill vere. Møtte ingen. 9,4 km med ein liten idiotkilometer. 2 t og 42 inkludert pause. 455 hm. Gjekk aleine.

Map    

Fjellskitur i Skorve

Date:
13.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:54h
Distance:
18.6km

Starta ved Manarosdammen kl 0930 der eg møtte Hallgrim. Den faste påsketuren vår gjekk jo i vasken, men dette blei inga dårleg erstatning. Av og på med skia til vi kom til Kvislin, derifrå og opp var det flott skare og ganske tørr overflate. Vi gjekk vanleg rute oppover og fann rasteplass nedafor og vestafor Bøkretjønn. Rasta ganske lenge. Sjølv om lufta var kald, hadde vi le og full sol, så det var berre deilig. Ikkje noko særleg vind heller, ein trekk i lufta berre då vi heldt fram opp til trigpunktet. Nedover valde vi ein annan trasé, vi gjekk bort og rett under 1281-nuten. Derifrå ned skaret til Grasdalstjønni, som ingen av oss hadde vore på før. Derifrå følgde vi lia bort til rasteplassen under Bøkretjønn og så vidare heim forbi Stav. Litt kjedeleg med av og på >>>

Map    

Draumetur frå frigitt hytte

Date:
25.04.2020
Characteristic:
Ski trip
Duration:
6:27h
Distance:
25.0km

Så perfekt skidag er det lenge sidan eg hugsar. Gjekk frå Kasin ved Gjevarvatnet. Tom, Erling, Anniken, Knut og Kari var med. Kasin, Løkin, Breivatn, Stavatjønn, Dømlaus, Myklevatn, Vornuten. Der skilde vi lag, dei andre snudde, medan eg gjekk ned til Vorvatn, så sørover og oppover til Storegrønut. Fullkomen rast ved varden. Tilbake til Vorvatn, Øvre Kinsarviktjønni, ned Røynbrekka på veldig vanskeleg underlag, så heim Gullnesvegen til Vinsvål. Tom møtte meg der med bil. 25 km, 798 hm, knappe 6,5 time.

Map    

Høgevarde - perfekt vårskidag

Date:
18.04.2020
Characteristic:
Ski trip
Duration:
4:43h
Distance:
27.6km

Herleg dagstur i coronatid. Finn og eg køyrde kvar vår bil til Norefjell så høgt opp vi kom, og så gjekk vi opp alpinbakken til Høgevarde-løypa. Isklister med universalklister oppå gjekk veldig bra. Men litt høgare oppe var det nykøyrde spor og tørrsnø. Blå himmel, ein liten trekk, men alt i alt ein fullkomen skidag. Rasta i solveggen på hytta etter å ha vore oppe på toppunktet og sett utsikten for første gong. 27,6 km, 4,5 time, 938 hm. Finn var med.

Map     2 comments

Kollern på vårsnø

Date:
12.04.2020
Characteristic:
Ski trip
Duration:
3:30h
Distance:
17.0km

Første påskedag og coronarestriksjonar. Køyrde til Myllsdammen, få bilar som trudde på fortsatt vinter. Gjekk til Åssjøvika, opp til Åssjøsetra for første gang, så opp til høgda over Gulbrandstjern. Lurte litt på korleis eg skulle kome meg opp på Kollernplatået, endte med å ta av skia og busha ned til bekken og så opp til dei flotte myrene ved Kollerputtane. Toppen var kjempefin, flott utsikt, litt vind. Rasta i ly av varden. Gjekk rett nordover og følgde blåmerket stig ned til Trantjern. Måtte bere skia gjennom den tettaste granskogen. Tok ein ekstrasving bortom Ølja. Deilig påsketur til erstatning for vanleg hytteskitur. 17 km, 3 timar 31 minutt. 419 hm. Gjekk alene.

Map    

På skaren på Romeriksåsen

Date:
04.04.2020
Characteristic:
Ski trip
Duration:
4:30h
Distance:
25.0km

Skitur frå Brovoll. Knallharde spor, isklisteret gav heller ikkje godt nok feste. Drog difor av frå løypa og gjekk i terrenget opp på høgdene nord for Skotjernfjellet. Naturreservat, flotte enkeltfuruer og nydelege myrer. Fann toppen, åt niste under ei furu på ei av myrene, gjekk så austover. Myrer er fint, men rota også med granlier og bekkejuv mm. Måtte av med skia to gonger. Kom ned til Ekstjern, og gjekk bortom Ekstjernfurua. Har sett den før, men den er verkeleg imponerande. Gjekk så i spor tilbake til Snellingen og tok den lange vegen tilbake til Brovoll. 25 km, 578 hm, 4,5 time, gjekk aleine.

Map    

Rust på Sondres 29-årsdag

Date:
19.04.2019
Characteristic:
Ski trip
Duration:
5:30h
Distance:
27.4km

Draumeforhold til Rust. Gjevarvatnet inn, opp via Hovdestaul, same ruta tilbake. Så varmt og stille at vi rasta på toppen. Erling, Anniken, Knut, Sondre og Lise var med. Sondre feira 29-årsdagen sin med den klassiske påsketuren. 27,5 km. 5 timar og 30 minutt. 644 hm

Map