Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (113)
- Backcountry skiing (80)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (418)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Mælefjell
- Date:
- 21.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 21.0km
Har drøymt om denne lenge. I dag hadde vil kuldegrader, strålande sol, skare under og nysnø frå i går. Noko vind var meldt, men det løya utover dagen. Vi køyrde til Natadal og kosta på gjennom open bom. Men eit lite stykke oppi der låg ei gran tvers over vegen, så bilen blei parkert ved bommen. (Det var bra, for då vi kom tilbake, var bommen låst.) vi gjekk og bar skia langs vegen heilt til Juvet, det er der vegen kryssar bekken og svingar opp mot aust i lia over bekken. Så gjekk vi med fellar oppover til Mælstaul. Nydeleg plass. Meir og meir nysnø frå dagen før, og frå staulen og opp Tjønnskar var det kanskje 10 cm tørr nysnø. Vi gjekk skaret opp til vi såg Rusttjønnan. Møtte ei lokalkjend dame med hund, som sa at dette skaret er rasfarleg under andre forhold, men ikkje >>>
Topp i Telemark-prosjektet
- Date:
- 14.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Berre ein topp til samleprosjekta så langt i vinter, har prioritert km på ski, men denne hyttehelga hadde eg planlagt å utvide samlinga Telemarks-toppar. Valet fell på Røysdalsnuten, høgast punkt i Lifjell, ikkje kommunetopp, men høyrer til den fine samlinga med kremtoppar i Telemark, toppar med pf større enn 500. Vi køyrde til Flatdal og tok vegen opp Grunningsdalen. 60 kr i bompengar. Parkerte på plassen ved Grimås. Det bles overraskande nok, ikkje ei sky, men altså noko vind og knallhard skare. Vi gjekk opp dei bratte kneikane til vi kom opp på platået, men i staden for å følgje løypa, gjekk vi nutane og liene til venstre, og kom ned til Årstaultjønni. Der sett vi frå oss skia, og gjekk med stavar opp den bratte renna til venstre for nuten og runda så bakifrå og kom >>>
Årets første, herleg skitur!
- Date:
- 18.01.2015
- Characteristic:
- Cross-country skiing
Årets første tur gjekk til Totenåsen. Frå dårlege skiforhold i Oslo kom vi opp til draumeforhold ved Torsætra. Nykøyrde løyper frå dagen før, seks minusgrader og snøtung juletreskog. Desutan vakker januarhimmel. Ingenting kunne ha vore betre, og vi gjekk den sørvendte traseen opp til Rausteinhytta. flott føre. Vel opp åt vi niste inne på hytta som er open til 1500 både sundagar og laurdagar. Etterpå gjekk vi dei par hundre metrane opp til tårnet, laussnøen hadde ganske bra hald, så det gjekk greitt. Nedturen var ein flott hellande trasé, 300 høgdemeter fordelt på dryge 10 km. Så status blei 21 km. Tom, Dagfinn og Helge var med.
Finaste skituren i år og kommunetopp nr 113
- Date:
- 27.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Draumehelg på Valdresflye. Laurdagen gjekk turen til Vestre Kalvehøgde inkludert det meste anna på vegen. MEn i dag sundag køyrde vi nordover og ned til den nordlege bommen der vi gjekk rett aust og oppover til Heimdalshøe. Feller heile vegen opp. Herleg dag, blikkstille og så varmt at vi gjekk utan lue og anorakk. Vi gjekk opp kvista løype til høgre for toppen på 1732 og til venstre for Rundhøe og Veslefjellet. Vi møtte 2 + 3 skiløyparar på veg ned, og sjølve var vi oppe etter 2 timar og 45 minutt. ca 700 høgdemeter og 6,3 km. Rasta på toppen i dei same trøyene, absolutt blikkstille, og utruleg utsikt i alle retningar. Vi fekk verkeleg stjerneoversikt over Gjendealpene og alt anna i grunnen. nedturen var moro. Vått føre, men heilt fint å køyre svingar nedover. Heile turen >>>
Første tur på ski over 2000 m
- Date:
- 26.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Starta på ski klokka 0915 frå Valdresflye vandrehjem. Strålande sol og vindstille. Isklister frå starten, men fellene kom raskt på. Opp Steindalen og over Raslet, deretter opp til bandet mellom Rasletinden og toppen sør for Mugna. Tok av vestover og var oppom toppen på 2088 før vi rasta og kom til Mugna. Fabelaktig utsikt og framleis ikkje vind. Følgde så løypa bortover langs juvkanten til Austre Kalvehøgde der vi gjekk oppom. Så vidare om Midtre Klavehøgde før vi køyrde ned til der siste klatreetappen byrja opp til Vestre Kalvehøgde. Heile dette strekket gjekk vi med feller. Ikke vind på toppen og fabelaktig ettermiddagssol og utsikt. Tok av fellene etter Austre Kalvehøgde, men dårleg kvalitet i utforkøyringane. Såpass kaldt at det byrja å fryse på att etter som det >>>
Klassisk påsketur til Hestenutan i Skorve
- Date:
- 18.04.2014
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Ein tur vi no har gått fleire gonger både påske og sommar. Draumedag denne påska. Skare og godt klisterføre. Litt vind som roa seg etter kvart. Vi gjekk frå Manarosdammen via Stav og opp til Bøkretjønn. Derifrå gjekk vi den vestllegaste rygge opp og tversover opp ved flyvraket. Vi nøgde oss med varden/triggpunktet, men såg bort på toppen seks meter høgare der eg berre har vore om sommaren. Erling og Anniken, Sondre, Eirik, Kari og Knut var med.