Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (404)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Eventyrleg tur
- Datum:
- 30.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 7:42h
- Entfernung:
- 20,0km
Ferieturen går til Russland via Kirkenes. Difor starta Marit og ein dag tidlegare, leigde bil på Høybuktmoen og køyrde til Bugøynes. Mange ting litt uplanlagde: gløymd å ta kartutskrift, ikkje matbutikk eller bensinstasjon mellom flyplassen og Maribukt. Difor køyrde vi til Bugøynes og bunkra skikkeleg, og det var lurt, for då vi til slutt kom til Neiden fjellstue for å overnatte, var det ikkje mat og drikke å få kjøpt der (alt stenger kl 1900). Vi parkerte før ei lita bru med betonggjerde i Maribukt, følgde ein stig forbi hytter og ein liten dam med plastsvane, stigane gjekk jo stort sett til hytter, men det ER ein stig som går opp langs elva, først på høgre, så på venstre side. Ved Marivatn gjekk vi venstresida langs stigen innover, og så opp til neste vatn. Der var >>>
Flotte sva i Roholtfjellet
- Datum:
- 11.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:30h
- Entfernung:
- 17,0km
Køyrde frå hytta til Heia og byrja å gå vestover kl 1200. Sol i starten, meir skya etter kvart, men opplett og god temperatur. Rast første gong på austre toppen, prøvde å følgje stig vestover langstoppeggen, men skjønte at det blei for bratt å kom oss ned, så vi snudde og gjekk ned same vegen vi hadde kome opp. To tau var lagde ut for å hjelpe på klyvinga. Litt vrient for hunden! Så gjekk vi langs austre toppen på sørsida, kryssa ved nokre små pyttar som låg som basseng ute på svaberga. Lekkert! Oppe på høgda under vestre toppen gjekk eg frå hund og turfølge for å ta toppen i raske kliv. 9 minutt opp utan sekk og hund. Same vegen tilbake. Dramatisk og sjeldent terreng. Litt Ronja Røvardotter-vibbar! Møtte 15 personar fordelte på 5 følge. Såg ein hoggorm. 17 km, >>>
Muen i knallver
- Datum:
- 05.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 9,1km
Etter møte i Oppdal hadde eg tenkt å få med meg ein større større topp i dag på veg tilbake til Oslo. Vêret var utruleg, ikkje ei sky, og så å seie vindstille. Eg hadde landa på Gravskardhøgda, men fann ingen stad å kjøpe meg mat, så torde ikkje starte på tom mage. Dermed blei det Muen i staden. Gjekk opp på 46 minutt, og sat vel like lenge der oppe. Og så 30 minutt nedatt. 5,6 km, 372 hm. Gjekk aleine.
Stutt tur opna jo opp for ein tur til, og det blei Ringsrudåsen i Gjøvik. Veldig lang biltur inn Snertingdalen, tok av opp Sprænbekkvegen, og etter å ha parkert inst i Finndalen, var det ein fin liten tur opp til Ringsrudsetra, der ein flokk spelsau kom springande ut frå under det gamle fjøset for å helse på. Følgde Knut Sverre sitt GPS-spor, fann både Gjøvik-toppen >>>
Sommardag i Rondane
- Datum:
- 15.08.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 8:00h
- Entfernung:
- 15,3km
Så flott å få ein slik sommerdag i fjellet no på tampen! Vi drog frå Oslo etter jobb fredag, og etter å ha levert Uncas hos broren min. Kom til Spranget og parkerte der kl 2215. Med kvit høg himmel, gul i vest og stjerner i nord sykla vi inn til Rondvassbu. Fekk fire sengeplassar og sovna kvikt. Starta kl 1015, gjekk greitt opp til bandet mellom Storronden og Vinjeronden, drikkepause der. Så bratt opp til Vinjeronden og matpause der. Hadde gått vel 2 timar då. Noko vind, men ikkje plagsamt, og sol og varmt. Så var to av oss oppom Vinjeronden nord før vi fortsatte opp til Rondeslottet. Jamnt med folk - også på toppen. Ikkje ei sky og utsyn til alle kantar. Vi gjekk litt nordover for å sjå på terrenget, og det ER bratt. Så gjekk vi i stendig varmare vêr ned til bandet att, >>>
Reinshornheii i vind og sol
- Datum:
- 08.08.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 9:30h
- Entfernung:
- 22,5km
Etter Roan i går overnatta vi i Valle, og starta frå parkeringa ved Suleskardvegen kl 0930. Uventa grått ver, yr varsla stor gul sol, men vi starta i yr og regnklede. Øyuvsbu, dnt-løypa forbi Øyuvsvatnet, søyle og myrar, så til Sandvatnet, Sveinstjønni og så Vidalega. Etter stigen forbi Øyuvsvatnet er løypa fin, godt merkt og variert trase med flotte bekkar, to litt større elvar som det var litt spennande å krysse. Nydelegaste parti var vel rundt Sveinsvatnet og særleg stølen på nedre Vidalega. Vi valde å følgje dnt-traseen eit lite stykke oppover, og heldt så mot aust ut av sporet. Vi skulle nok ha tatt av lengre nede, for vi endte opp mellom vatna 1062 og det andre mot nordvest. Derifrå kom vi greitt opp til toppen frå sør. Gjekk rett ned i Videdalen nedatt, på sørsida >>>
Roan med reinsdyr
- Datum:
- 07.08.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:15h
- Entfernung:
- 8,8km
Endeleg ein dag med fint ver og varme. Vi starta frå P-plassen i Røyningsdalen ca kl 1300. Snakk om godt merkt turrute! Frå riksvegen og til topps er det umogleg å gå feil. Gjennom vakker furuskog med jamn stigning, så bjørkeskog med meir stigning, og deretter berg og lyng. Såg varden i god avstand, og var oppe etter 1,5 time inkl fotografering og småstopp. Lang pause på toppen. Vi gjekk ut mot aust og såg på stupet og på pynten mot søraust. Og der fekk vi auge på ein reinsbukk nedanfor oss. Etter kvart fekk han auge på oss også, men vi kunne følgje med han der han flytta seg heilt ned til dalbotnen til slutt. Så snudde vi oss for å gå opp til varden att, og der ved sida av varden stod to bukkar til i silhuett! Vi nærma oss forsiktig, og der materialiserte det seg ei simle >>>
Gryvla er kremtopp!
- Datum:
- 06.08.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 10,0km
Til å vere så nær hytta er det ille at eg ikkje har gått fleire turar i Heiådalen. Dei gongene eg har vore på Brattefjell, har eg alltid gått frå Sudbøsida. I dag køyrde vi til Slettevad, gjekk så bomvegen inn forbi Geiterov og Vierdokki og bratt opp til Geitenuten. Nydeleg gamalt stølslandskap! Vi gjekk til høgre for Skinnuten og følgde stig eit stykke, men mista stigen og følgde så liene bortover utan stig til vi vel kom til Djupedokk. Vi krongla oss rett opp kvæven under Springarnuten frå aust, og følgde derifrå fin stig oppover langs topprekka. Flott toppunkt, fabelaktig landskap og utsyn. Dessverre litt lågt skydekke innimellom, slik at vi ikkje såg Svafjell og Brattefjell, men hadde ganske god koll på det nære. I toppboka fann vi godt representert kollega med foreldre >>>
Ny nærtopp og dei første moltene
- Datum:
- 03.08.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,5km
Goplenuten er ein 100pf-topp oppdaga eg, og sidan det er mange år sidan sist, tenkte eg at eg kunne kombinere med avgrensa tur for hunden og rekognosering etter moltene, sein mogning i år! Gjekk vegen til Stemmen der det flaug opp ei hegre frå kulpen ved vegen. Storslått! Så forbi Jønnardalen og opp til Uppigard Jønnardalen, derifrå mot sud, liten stig oppover, eg kunne nesten følgje den heilt til topps. Må vere sauene som driv og riggar stigar, for annan trafikk ser eg ikkje for meg at Goplenuten er plaga med. Sjølve toppunktet er litt kronglete, for det må vere den store spisse steinen som står inne blant nokre graner. Men mot nordvest er toppen super. Flotte flate berg og utsyn rett ned i Gjevarvatnet og mot Stabbenuten der eg var i går. Og heile rekkja med fjell vest i Vinje >>>