Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Hægefjell pinseaften

Datum:
19.05.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:06h
Entfernung:
11,3km

Nydeleg dag! Køyrde frå hytta til Fjonesundet. Rakk akkurat ferga over og så inn bomvegen til klatreleiren. Mange bilar og telt, og fleire klatrarar oppe i det blanke berget. Vi gjekk inn vegen, tok av stigen mot Hægefjell og følgde den til topps. Fleire folk ute på tur. Vi rasta lenge på toppen, og eg gjekk ut mot stupet mot søraust, der torde eg plutseleg ikkje gå ut på stupet og titte ned! Var aleine og visste kva slags avgrunn som venta meg. Irrasjonelt. Turen ned og heim gjekk greitt. Vi rakk akkurat fem-ferga. Deilig start på sommarturane! Tom og Marit var med.

Karte    

Rust

Datum:
27.08.2017
Tourcharakter:
Bergtour

Hadde invitert til felles tur i Gjevarvatn vel, men vi var berre fire som møtte, og så hekta tre til seg på på toppen. Vi gjekk frå Valedammen, via Skor og Gåsevatn og kome opp bakfrå. Tom, Alexander, Anne, Hildegunn, Hallvard og Anne Mette var med + tre hunder. Brukte lang tid, fire og ein halv time. Gløymde å tracke turen.

Karte    

Folarskardnuten, ferdig med Buskerud!

Datum:
23.08.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
21,0km

Enter å ha sjekka værvarselet måndag kveld, og fordi eg har eit par ferieveker eg tar ut før eg skal starte i ny jobb, greidde eg å hive meg i bilen tysdag morgon og hadde ein draumetur opp Hallingdal, med mykje kulturminne slik eg likar det. Overnatta på Storstølen, god middag og frukost, flott standard på rommet, men prisa deretter. Køyrde tilbake og inn Raggsteindalen, og følgde grovt sett turopplegget til Sola og Knut Sverre. Men egvar nok utruleg mykje heldigare med vêret enn dei var. Dei gjekk akkurat denne veka i to ulike år ser eg. Eg gjekk i kortarma trøye heilt opp til Lordehytta. Der bles det, så eg tok på anorakk og lue. Eg var veldig spent på det bratte partiet der, og trur eg hadde omtrent akkurat same forhold som Knut Sverre og Astrid. Alt gjekk greitt, men eg >>>

Trollevassnibba

Datum:
02.08.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,7km

Gitt kraftige regnskyll i dag tidleg og regn då vi kom til løypestart ved skiltet eit stykke forbi skolen på høgre side, var nok dette ein tur for spesielt interesserte. Og spesielt interesserte var korkje Tom eller Uncas i dag, begge heilt nøgde etter dei to fine turane i går. Men eg la i veg i regnet. Etter kvart gav det seg, men våt blei eg så det heldt, for særleg midtpartiet med myrane, var som ein sjø av søyle og vatn. Eg plaska over, men det gjekk trått for eg prøvde å unngå å tråkke nedi over støvlane. Bergpartiet etterpå var eigenleg veldig fint, og så grovt at eg hadde godt feste for goretexskoa. (Det var søylepartia som var såpeglatte, då særleg nedover.) det klarna meir og meir opp, og då eg skulle ta selfie på toppen måtte eg myse mot sola! Supert toppunkt. >>>

Karte    

Siggjo - kommune nr 200!

Datum:
01.08.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,5km

Fin kveldstur med litt sliten hund, men Tom og eg var i fin form sjølv om dette var femte turen vår på to dagar. Miniturar rett nok. Regnskyllet og den blågrå himmelen vi hadde då vi såg på Moster gamle kyrkje, såg vi ikkje meir til. Fin temperatur, opphaldsver og flott utsikt utan sol. 5 km, 1 time 58 minutt, 429 hm. Fin kommune som nr 200. Må finne ein flott topp som nr 200 også. Tom og Uncas var med.

Furufjell

Datum:
29.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,6km

Karte    

Rust

Datum:
28.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,7km

Rask føremiddagssendinga til Rust for å få i gang pusten. Møtte litt slekt på Skor. Gjekk aleine, men Uncas var ned!

Karte    

Med foreldre til Falkenuten

Datum:
23.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
3,0km

For foreldre på snart 85 gjeld det å finne turar som gjev mestring. Turen frå Kråmvikvegen til Falkenuten er blitt ein favoritt for småbarnsfamiliar, pensjonistar i høg alder og elles ikkje-turvande. Sherpalagd stig er imponerande flott. Har ikkje gått der før, tre km tur-retur har liksom ikkje vore noko å dra til Rauland for! Men flott tur som passa supert for dei gamle, moro å oppleve deira meistring! Pappa, mamma, Erling, Tom, Uncas og eg gjekk.

Karte    

Vattafjellet

Datum:
11.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,6km

Etter våt tur i føremiddag, var det fint å tørke seg og spise og kvile i hytte på Kleiva camping. Men så klarna det opp, og eg køyrde ut til Austafjord og sette frå meg bilen ved oppvekstsenteret. Hadde tenkt å kopiere ruta til aask og 500fjell, men greidde å tulle det til, gjekk for langt langs vatnet. Kom meg no inn på stigen etter kvart, og hadde ein grei tur bort til toppen. Tok ein liten runde der oppe før eg gjekk nedatt. Brukte 1 time og 23 minutt på 4,8 km. 206 hm seier vel litt om kor lite effektiv trase eg fann.

Karte    

Kveldstur til Lysingen

Datum:
10.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
12,3km

Køyrde frå Mo i Rana om føremiddagen, stoppa på Alstahaug og den russiske krigskyrkjegarden på Tjøtta og blei dessutan ståande og vente på ferga på Tjøtta i over 1,5 time. Kort sagt, kom ikkje i gang med turen før ca 1830. Men nettene er lyse, og det var meldt regn dagen etter, så bestemte meg for å gå raskt. Det greidde eg, og sjølv om eg av og til kom litt bort frå vardane og raudmerkt stig, var eg alt i alt godt nøgd med vegvalet med tanke på at eg gjekk utan kart. Hadde studert Knut Sverre sin rapport nøye, og hadde elles med meg GPS, som hjelpte veldig, særleg tilbake, der det var veldig kjekt å gå opp mot eige spor. Logga 13,1 km på garmin, brukte 3 timar og 35 minutt, og får 745 høgdemeter, truleg på grunn av alle opp og ned-turane i knausane i høgfjellspartiet. >>>