Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

liten ettermiddagstur frå Aasentunet

Dato:
06.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:13t
Distanse:
5,0km

Gjekk ein liten tur før middag i Aasentunet. Lars var med.

Kart    

Vettakollen og runde i skogen

Dato:
23.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
15,6km

Gjekk heimefrå i sommarver. Pusha opp ryggen til Vettakollen. Så rileg tur der det berre var å ta innnfull vår og fugleliv. År niste og bada i Oklungen, og tok enda eit bad i Sognsvann. Gjekk heilt heim til døra. 15,6 km, 4 timar, 458 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Perfekt maidag til Hjelmen

Dato:
15.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
7,0km

For ein dag! Etter Pyttegga overnatta vi på Thon hotell i Surnadal - deilig med dusj og komfort etter tre dagar på tur og dnt-standard. Etter god frukost køyrde vi til Settemsdalen og følgde t-merkt stig til toppen av Hjelmen. Fantastisk nydeleg dag. 17 grader og vindstille kl 10:30 då vi begynte å gå. Det var ikkje mykje flate parti oppover, jamn stigning heilt til topps, først gjennom bjørkeskog - med ny blåbærlyng og kvitveis - så over tregrensa med tidvis ganske bratte parti mot slutten, måtte bruke hendene og klyve nokre stader. Det lufta litt då vi kom over tregrensa, men det var i praksis vindstille då vi hadde drikke- og fotopause i 30 minutt på toppen. Fjorden låg blikkstille, kvite imponerande snøfjell i sør og øst, og vi kunne kjenne att Ruten og Innerbergsalen >>>

Kart    

Skogstur om Vettakollen

Dato:
10.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:45t
Distanse:
19,3km

Fin maidag. Ikkje veldig varmt, men fint å gå. Gjekk til Vettakollen først, både utsikten og bortom sjølve toppunktet, vidare til Fuglemyra og så rett fram til gamle Skjennungsvegen. Den følgde eg til Skjennungsstua der eg rasta. Så vegen til Ullevålseter, is i solveggen der, stig gjennom skogen til Lynhytta og austsida av Lille Oklungen. Gjekk heilt heim til døra. 19,25 km, 499 hm, var ute i 4 t og 38 min. Gjekk aleine.

Kart    

Kveldstur til Vettakollen

Dato:
06.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
7,0km

Kart    

Fin tur i sol og vind

Dato:
14.04.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:27t
Distanse:
11,0km

Den nestsiste på Bamble 100 m pf-lista. Vi starta ved bommen over byggjefeltet på Dørdal. Gjekk så vegen til Gonge og vidare til vi var rett sør for Tråvassåsen. Busha oppover, opp og ned fleire smånutar før vi kom til den høgaste. Ikkje bolt eller markering av noko slag. Utsynet frå nokre av fortoppane var flott. Mot nordvest såg vi snøkledde Lifjell og i sør glitrande hav. Rast med ansiktet mot sol og utsyn. Valde å gå mot nord og bratt ned til demningen i Storfiskvannet. Strevde litt med å finne kryssingspunkt over vårstor elv, men det gjekk greit rett nedanfor demningen. Følgde så vegennpå austsida av Tråvann ned til Gonge igjen. Såg gråhegre. Benjamin var med. 11 km, 331 hm, 3 t og 25 min.

Kart    

Svarteberget i sol og vind

Dato:
23.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:27t
Distanse:
7,7km

Super tur. Køyrde til Oklungen og parkerte der. Følgde blåmerkt stig til topps. Litt kronglute frå varden bort til den nordvestre toppen, men den var spektakulær med mosekledde svaberg og vidt utsyn. Sterk vind og låg sol. Same ruta tilbake, jogga ned vegen. 2 t 25 min., 408 hm, 7,74 km. Benjamin var med.

Ny tur til Vettakollen

Dato:
20.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:31t
Distanse:
9,1km
Kart    

Vettakollen som treningstur

Dato:
13.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:46t
Distanse:
10,0km

Trimtur. Gjekk rask tur heimefrå til utsikten på Vettakollen, jogga 3,5 av kilometrane tilbake. 10 km, 305 hm, 1 t og 47 minutt. Gjekk aleine.

Kart    

Formiddagstur til Høgenhei

Dato:
08.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
4,3km

Prøvde å gå raskt i motbakkane. Kom dessverre ikkje over skodda. Såg to nøtteskriker. 4.26 km, 184 hm, 58 min. Gjekk aleine.

Kart