Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Glotjernskollen i november

Date:
14.11.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
3:30h
Distance:
15.5km

Etter ei grå og våt koronaveke var det deilig å kome seg ut i oppholdsvær. Køyrde til Movann, gjekk vegen til Ørfiske, tok stigen til venstre ved Fredrikstad og gjekk over til Fløyta. Kjempevått i terrenget! Så gjekk eg inn på vegen og heldt til venstre oppover eit stykke. Følgde så våt stig oppover mot Manntjern, gjekk ikkje ned til vatnet, men valde stig til venstre i staden for å halde høgda. Tok etterkvart av frå stigen og følgde skuggen av ein stig som blei borte innimellom. Sjølve høgda var fin med blåbærlyng og kronglefuruer, men toppunktet var utan utsikt i eit skogholt. Snudde og åt matpakka på eit berg med utsikt litt lenger sør. Same vegen tilbake, men kom ned litt lenger vest enn der eg tok av frå stigen. I den bratte kleiva ned mot vegen glei eg og datt. >>>

Map    

Pershusfjellet i novembersol

Date:
08.11.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
2:25h
Distance:
9.1km

Map    

Andre i dag: Rindenuten var fin

Date:
18.10.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
1:16h
Distance:
3.2km

Andre tur i dag. Parkert på Rinde og gjekk ryggen bratt oppover. Åt niste ved bua med telemast før eg gjekk bort til toppunktet. Flott utsyn. Gjekk viste nordover og over toppen der det var god stig. Sporet opp framsida kvalifiserte vel ikkje eigenleg til den nemninga. Gjekk vegen tilbake til bilen. Prata med folk på Rinde som sa at det er lagt ut toppbok ved bua. Den såg eg ikkje noko til. 3,2 km, 1 time og 16 inkludert matpause. 262 hm. Gjekk aleine.

Map    

Første av tre i Åmotsdal

Date:
18.10.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:45h
Distance:
1.8km

Tur der eg skulle plukke Seljord 100 m pf- nutar. Første stopp var Grovenuten som ingen peakbookarar førebels hadde logga tur til. Busha opp med litt klyving på slutten, fann betre stig nedatt. Sol, vind, kaldt. 1,8 km, 44 minutt, 162 hm. Gjekk aleine.

Map    

Tredje tur: Kvanngrønuten

Date:
18.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:08h
Distance:
2.1km

Etter to turar stod eg på vippen til å gje meg, men ville køyre oppom Fyrileiv for å sjekke ut toppen. Den såg absolutt overkommeleg ut, så eg skar rett oppover. Valde å klyve rett opp på framsida. Det blei ganske mykje klyving, men det gjekk greitt. Kjempeflott toppunkt med suverent utsyn til mange kjende fjell. Varde var det også der. Prøvde å lokalisere ein stig nedover, og innimellom var det snev av spor i alle fall. Hadde sjølvsagt vore betre å gå den vegen ag gjekk ned opp også...2,1 km, 1 time og 4 minutt, 274 hm. Gjekk aleine.

Map    

Mjeltenatten

Date:
04.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:54h
Distance:
3.2km

Kort tur frå Bosset i Ål til Mjeltenatten. Oddrun og Tom var med. 3,2 km, 80 hm, 55 min.

Map    

Perfekt vær til Ruten

Date:
27.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:43h
Distance:
12.6km

Hadde overnatta i Kristiansund etter Innerbergsalen i går, og var litt møre då vi stod opp. Men vêret var perfekt, ikkje ei sky og mildare og mindre vind enn på laurdag. Vi skulle levere leigebil, og fly frå Værnes, så valet fell på Ruten som låg greitt langs ruta vår. Parkerte på overfylt parkeringsplass på Borstad. Første strekk gjekk i skogsterreng oppover eit par hundre hm. Ille søylut, men lia heitte då også Søylia! Mykje folk heile turen. Veldig pussig korleis nokre fjell trekkjer til seg hordar, medan andre ligg nesten uforstyrra. Klart at Ruten var ein flott topp med mektig rundskode, men ikkje finare enn Innerbergsalen vel, og der møtte vi ein person. På denne turen møtte vi minst 50, inkludert Ove Aunli forresten! Etter å ha kome oss velberga opp søyleskogen, >>>

Map    

Super topp - heldige med været

Date:
26.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
6.5km

Etter Smøla-toppen stoppa vi på Edøy der eg måtte sjå tomta for vikingskipsfunnet som «mine» gutar fann vha georadar i fjor. Kyrkja låg heilt fantastisk til, vêret var perfekt og kulturlandskapet var velstelt og nydeleg. Kontrast til Kuli som har vore tilsvarande høvdingsete ein gong. Noja, vi tok ferga og køyrde til Stabblandet, der vi tok av mot Soleim. Køyrde heilt inn til liten parkeringsplass rett før merkt stig mot Innerbergsalen. Turen var tredelt, først bratt opp stig i skog. Stigen fall tidvis saman med ein bekk. Så utsiktspunkt på 375 moh, derifrå stig i myrbakkar nokre hundre hm. Dinest ur og noko lyng til topps. Vi møtte ein kar frå Orkanger akkurat i skiftet mellom myr og ur. Hans andre besøk, men første i sol. Då vi kom opp var det sol, men det dreiv dessverre >>>

Map     5 comments

Liten topp med havørn

Date:
26.09.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:20h
Distance:
5.2km

Etter å ha overnatta på Veiholmen og tatt morgontur rundt omkring i været, køyrde vi til Kuløy og Kuli gard. Moro å sjå kopien av Kulisteinen som eg var med å stemme inn på lista over Norges dokumentarv. Elles har vi sjeldan sett så mykje jernskrap i form av kasserte landbruksmaskiner mm som rundt denne gamle praktgarden. Vi gjekk traktorvegen til høgre i tunet, opp til det store jordet og på skrå over det mot grinda i søraustre hjørnet. Så ned sti i ei bjørkehelling til neste jorde. Skar tvers over og fann stigen til Breivika, småbruk som stod til nedfalls. Då vi skar rett opp mot toppen hang det fleire havørnar over oss, vi trudde vi skulle få sjå dei på nytt på toppen, men då var dei borte. Same veg nedatt. 5,2 km, 11 time og 21 minutt, 133 hm, Tom var med.

Map    

Ramåsmyrnuten

Date:
18.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
10.5km

Map