Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Bukktjernåsen

Dato:
29.05.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:24t
Distanse:
1,0km

Her køyrde vi rett og slett inn bomvegen - bommen var heilt gjengrodd, så vi tenkte vel at vi ikkje løp ein risiko der. Parkerte rett under toppen og busha opp, måtte klyve litt det siste platået opp. Toppen var ei stor flate med skog, vi vassa litt rundt for å treffe punktet før vi tok ein annan veg nedover - den var betre, for vi slapp å vase gjennom hogstfeltet som vi hadde forsert på vegen opp. 1 km, 81 hm. 24 min. Benjamin var med.

Kart    

Høgenhei i konvalltida

Dato:
28.05.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:57t
Distanse:
7,4km

Gjekk frå hytta i Rognstranda og følgde Flauene heil til Høgenhei. Sp ned til Kjellestad. 7,4 km, knappe 2 timar, 275 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Første kommunetopp i år blei Lammanuten

Dato:
19.05.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:23t
Distanse:
11,4km

</gallery> Lang køyretur frå Oslo for to toppar vi mangla i Ryfylke. Men vi tok det som ferietur Anne og eg, og koste oss i Skånevik natt til fredag + besøkte Stødle på fredag føremiddag. Men etter lunsj køyrde vi til parkeringsplass ved Stølsvik, og starta å gå vegen opp langs Bordalsbekken. Lang seig motbakke som vi var sikre på eigna seg godt som motbakkedrag - for dei som driv med sånt! Vi møtte litt folk på veg nedover - sjølv hadde vi jo ikkje starta før kl 1345. Fine klopper over dei store myrane, elles heilt tørt og greitt å gå. Vi brukte 1 t 44 min opp, og rasta bak varden pga sur vind, og dessverre starta det å regne litt også. Men vi fekk då sett oss godt rundt, blant anna over til Bjørndalsnuten som vi hadde sikta oss inn på dagen etter. Vi var innstilt >>>

Kart    

Øyungskollen igjen

Dato:
20.11.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:51t
Distanse:
6,8km

Kart    

Kvikk tur til Veitåsen

Dato:
30.10.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:25t
Distanse:
2,0km

Liten sving oppom denne toppen i halvskumring før eg tok fatt på turen heim til Oslo. Ikkje stort å melde, møtte uventa nok to turorienterarar. 2 km, 25 min, 82 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Liten tur frå Langangen

Dato:
29.10.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,3km

Har hangla i tre veker, men fann ut at eg orka ein liten Telemarks-topp på veg til Stathelle. Parkerte ved skolen og gjekk roleg opp og ned. 15 grader i lufta, strålande sol og haustfargar. 3,25 km, 142 hm, 51 minutt. Gjekk aleine.

Kart    

Jønnardalsfjellet i gråvær

Dato:
23.10.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:36t
Distanse:
6,5km

Liten tur frå hytta. Starta i lett yr, blei betre etter kvart. Møtte Tom ved Stemmen på veg ned. Gjekk ein sving saman til Stubbåi og hytta av Sveinung. 6,5 km, 1 t 38, 256 hm.

Kart    

Fin hausttur til Piknatten

Dato:
22.10.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:27t
Distanse:
5,8km

Flott tur på mange plan. Vi hadde tenkt å gå frå Lien sidan vegen står markert som bomveg på kartet, men den var open og bar ikkje preg av å vere stengt nokon gong. Det fekk vi stadfest då vi møtte folk oppe på Storstaul. Nydeleg velstelt og veldrive stølsområde. Dei har dyr her om sommaren, og i dag var heile storfamilien i gang ned diverse arbeid. Vi snakka lenge med ei dame på min alder, og ganske raskt innsåg vi at vi har møttest før - på tur i Mælefjell. Veldig turglad kårkone på gard i Flatdal. Vi fekk tips om trase, og gjekk heilt greitt opp til Piggnatten, som den lokalkjende grunneigaren kallar Piknatten. Vi spiste niste på toppen og hadde fint utsyn til kjende fjell med den første snøen på. Så gjekk vi bratt ned ufsene til Klælaustjønni, og vidare ned til >>>

Kart    

Solliknuden

Dato:
25.09.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:25t
Distanse:
9,2km

Køyrde til Lnden leirstad, måtte snu og køyre inn vegen mot Solli. Der parkerte eg ved kjettingen, og Fjellvegen heilt inn og opp til Solli. Der gjekk eg inn nak bruket til venstre, men mista stigen ganske fort før eg fann den att lenger oppe. Høgdemetrane frå Solli og opp til toppen var ganske konsentrerte. Følgde vardar til toppen. Fin temperatur, men overskya. Ikkje vind, men snudde etter å ha skrive meg inn i boka. Åt ein kvikklunsj medan eg gjekk nedover, tenkte på dn lange bilturen tilbake til Oslo. Brukte 1 time og 15 minutt opp, 1 time og 5 tilbake. 9,2 km, 520 hm. Gjekk aleine og møtte ingen.

Kart    

Vinjakula - var flott!

Dato:
24.09.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:53t
Distanse:
10,9km

For ein super dag! Køyrde opp til parkeringa på toppen av vegen mot Maudal. Starta å gå ved 10-tida. Følgde merka stig. Ordentleg bratt første kilometer. Tok igjen eit ungt par oppe ved telemasta, det måtte av med yttertøy. Omtrent her slapp morgontåka taket, og resten av dagen var berre så blank og flott som berre ein haustdag kan vere. Det var litt krevjande underlag, vått og søylute eller steinete stig, tidvis ordentleg bratt. Det siste strekket før ura som markerte toppstøtet var fint å gå på svaberg. Toppen var rett og slett underskjønn i klart vær med tørre svaberg. Åt niste og drakk vatn på toppen. Var oppe på knappe to timar og brukte fem minutt mindre på tilbaketuren. Måtte passe veldig på i sleipe bratte nedoverbakkar, så det var ikkje mykje raskare å hå >>>

Kart