Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Øyungskollen igjen

Date:
20.11.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:51h
Distance:
6.8km

Map    

Kvikk tur til Veitåsen

Date:
30.10.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:25h
Distance:
2.0km

Liten sving oppom denne toppen i halvskumring før eg tok fatt på turen heim til Oslo. Ikkje stort å melde, møtte uventa nok to turorienterarar. 2 km, 25 min, 82 hm. Gjekk aleine.

Map    

Liten tur frå Langangen

Date:
29.10.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:51h
Distance:
3.3km

Har hangla i tre veker, men fann ut at eg orka ein liten Telemarks-topp på veg til Stathelle. Parkerte ved skolen og gjekk roleg opp og ned. 15 grader i lufta, strålande sol og haustfargar. 3,25 km, 142 hm, 51 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Jønnardalsfjellet i gråvær

Date:
23.10.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:36h
Distance:
6.5km

Liten tur frå hytta. Starta i lett yr, blei betre etter kvart. Møtte Tom ved Stemmen på veg ned. Gjekk ein sving saman til Stubbåi og hytta av Sveinung. 6,5 km, 1 t 38, 256 hm.

Map    

Fin hausttur til Piknatten

Date:
22.10.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:27h
Distance:
5.8km

Flott tur på mange plan. Vi hadde tenkt å gå frå Lien sidan vegen står markert som bomveg på kartet, men den var open og bar ikkje preg av å vere stengt nokon gong. Det fekk vi stadfest då vi møtte folk oppe på Storstaul. Nydeleg velstelt og veldrive stølsområde. Dei har dyr her om sommaren, og i dag var heile storfamilien i gang ned diverse arbeid. Vi snakka lenge med ei dame på min alder, og ganske raskt innsåg vi at vi har møttest før - på tur i Mælefjell. Veldig turglad kårkone på gard i Flatdal. Vi fekk tips om trase, og gjekk heilt greitt opp til Piggnatten, som den lokalkjende grunneigaren kallar Piknatten. Vi spiste niste på toppen og hadde fint utsyn til kjende fjell med den første snøen på. Så gjekk vi bratt ned ufsene til Klælaustjønni, og vidare ned til >>>

Map    

Solliknuden

Date:
25.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:25h
Distance:
9.2km

Køyrde til Lnden leirstad, måtte snu og køyre inn vegen mot Solli. Der parkerte eg ved kjettingen, og Fjellvegen heilt inn og opp til Solli. Der gjekk eg inn nak bruket til venstre, men mista stigen ganske fort før eg fann den att lenger oppe. Høgdemetrane frå Solli og opp til toppen var ganske konsentrerte. Følgde vardar til toppen. Fin temperatur, men overskya. Ikkje vind, men snudde etter å ha skrive meg inn i boka. Åt ein kvikklunsj medan eg gjekk nedover, tenkte på dn lange bilturen tilbake til Oslo. Brukte 1 time og 15 minutt opp, 1 time og 5 tilbake. 9,2 km, 520 hm. Gjekk aleine og møtte ingen.

Map    

Vinjakula - var flott!

Date:
24.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:53h
Distance:
10.9km

For ein super dag! Køyrde opp til parkeringa på toppen av vegen mot Maudal. Starta å gå ved 10-tida. Følgde merka stig. Ordentleg bratt første kilometer. Tok igjen eit ungt par oppe ved telemasta, det måtte av med yttertøy. Omtrent her slapp morgontåka taket, og resten av dagen var berre så blank og flott som berre ein haustdag kan vere. Det var litt krevjande underlag, vått og søylute eller steinete stig, tidvis ordentleg bratt. Det siste strekket før ura som markerte toppstøtet var fint å gå på svaberg. Toppen var rett og slett underskjønn i klart vær med tørre svaberg. Åt niste og drakk vatn på toppen. Var oppe på knappe to timar og brukte fem minutt mindre på tilbaketuren. Måtte passe veldig på i sleipe bratte nedoverbakkar, så det var ikkje mykje raskare å hå >>>

Map    

Andre kule i dag: Store Skykula

Date:
24.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:44h
Distance:
11.0km

Dagens andre: var litt spent på om eg orka ein tur til etter Vinjakula, men vurderte turen på veg til Stora Skykula som eit relativt overkommeleg alternativ. Starta ca kl 1600, gjekk så raskt eg greidde oppover, var oppe på 58 minutt. Var bortom både den fine varden og den militære installasjonen, litt usikker på kva punkt var høgast. Jogga heile vegen nedatt, veldig godt nøgd med gjennomføringa. 11 km, 1 t 43 min, 421 hm. Stadig aleine.

Map    

Beste kulturminnetopp i landet?

Date:
22.09.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:36h
Distance:
2.2km

På veg til jobb etter overnatting på Bryne, stakk eg oppom dette fantastiske kulturlandskapet, og greidde å dekkje det meste på ein dryg halvtime. For ein stad, for ei tidsdybde i historiske spor, og for eit utsyn! Grå morgon med mild vind, var aleine og det mana verkeleg til ettertanke. 2,2 km, 24 hm, 37 minutt.

Map    

Kvassfjell via Skarsvegen

Date:
18.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:39h
Distance:
12.2km

Starta i Svartdal der Skarsvegen startar. Gjekk den nye bilvegen og til Nord-Skaret. Heilt idyll, velstelt småbruk og hytter, og heilt fantastisk rasteplass ved vatnet med brygge, strand, utemøblar, bålpanne og innreda hytte open mot vatnet med masse sitteplassar og grill og takke! Flott å sjå det intakte kulturlandskapet med steingardar og denne kulturhistorisk verneverdige vegen bratt opp i skardet. Då vi kom til Hasletjønni, følgde vi stig på austsida av vatnet nesten heilt inn. Men så busha vi opp lia mot den vesle tjønni som ligg mellom Kvassfjell og den veldig bratte nabotoppen mot nord. Vi følgde nokre renner oppover, mest elg som hadde gått før oss, og vi måtte klyve litt innimellom, men kom ganske rett på toppen som er bratt og luftig. Utruleg flott utsyn! Her såg >>>

Map