Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (418)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (113)
- Fjellskitur (80)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Første topp over 2000
- Dato:
- 03.09.2010
Har alltid vore ivrig fjellvandrar, men halde meg i Telemark - slikt gjer hyttelivet med ein. Men har nett oppdaga wwv-sida, og har byrja å utvide horisonten litt. Moro! Sa difor ikkje nei då eg i fjor vart invitert med til Tjønnholstinden av to svært spreke toppvenninner. Første fredag i spetember 2010 køyrde vi til Gjendeseheim, og overnatta før vi starta turen tidleg laurdag. Været var perfekt, sol og stille, men det hadde kome snø veka før, slik at det låg snø ned til ca. 1700 m. Vi kryssa Leirungsmyrin (blaute) og vassa over Leirungsåne (mykje kaldt vatn, av med bukser og sko). Deretter opp Steinflye, der vi etter kvart kom inn i snøen. Vi rota oss litt inn i moreneura ned for Steinflybreen (den sørlegaste) - og det var litt kavute med snø som gjorde det vanskeleg å setje >>>
Skorvetoppen
- Dato:
- 31.07.2008
- Turtype:
- Fjelltur
Registrerer denne turen no i retrospekt. med brorframilien gjekk vi til bøkretjønn og sette frå oss ein sekk, så vidare til Hestadalnutane, der snudde den andre familien og Tom og eg heldt fram til Gøysen i fantastisk sommarver. Vi kom til toppunktet for første gong på ettermiddagen og gjekk så tilbake til Bøkretjønn der vi overnatta i telt til dagen etter. Det var første gong på Gøysen. Sidan har eg vore der ein gong til, då gjekk vi også frå Langlimsida, men denne gongen gjekk vi i eit strekk til Gøysen og så ned mot Seljord der vi hadde sett att ein bil dagen før. Første gongen var det altså Tom, Uncas og eg som nådde toppunktet.