Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Trist dag i trist vêr

Date:
23.07.2011
Map    

Flott topp - men vanvittig med insekt!

Date:
17.07.2011

Heimdalhaugen var uventa bonus på veg sørover frå Helgeland. Med Espen som kjentmann køyrde vi 15.7.2011 frå Namsos til Harran og vidare til Solemsmoen. Der gjekk vi dei lange myrane austover i etasjar oppover før vi runda over høgda og gjekk nordaustover til vi møtte bekken i skardet, derifrå rett mot toppen og opp på dei grøne grasstrekka nord for bekken. Berre ei lita snøfonn å gå over, og vi greidde stort sett å unngå svaberga. Toppen var flott i godværet. MEN: eg har aldri gått i så store svermar av klegg, brems og blindingar: Lærde meg samnemninga på desse blodsugarane: "åt". Kvar gong vi stansa var dei overalt, og medan ein gjekk var dei der ein og ein heile tida. Ikkje før vi byrja å klatre, letta det pga lett vind. Heimover var det litt betre, men >>>

Map    

Kveldstur med havørn

Date:
11.07.2011
Map    

Den høgaste søstra

Date:
09.07.2011
Map    

Første tur i samleprosjektet

Date:
04.07.2011

Etter å ha gått frå Leirbotnet oppom Okstinden til Kjennvasshytta på sundag 3. juli, var det med tunge bein vi drog av garde til Oksskolten måndag 4. juli. Starta ikkje før kl 1245, fint vær som etter kvart blei gråare, og sjølve toppen låg i ei sky. Vi hadde sett over mot toppen frå Okstinden dagen før, og var litt leie for at vi gjekk glipp av utsynet andre vegen. Vi kryssa Okstindbreen med stegjern lånt av Svein Arne i Hemnes turistforening.. Dei kom godt med, sjølv om breen var våt og kornete og ikkje så glatt. Vi møtte ingen folk på desse to turane, men såg ryper og ein røyskatt. Kjennvasshytta var kjempefin, og vel heime frå Oksskolten, var Per Jomar og Elsa frå turistforeninga komne til hytta og hadde fyrt opp badstua. Så vi gjekk i varm badstu klokka 2300! Møre >>>

Map    

Sesongens siste skitur

Date:
10.04.2011

Siste helga før påske, 10. april 2011, køyrde eg til Mylla for å klemt ut ein siste skitur av Nordmarka. Løypa sør for vatnet for overraskande bra tidlleg om morgonen - men nokre bekkar på tvers var det likevel. Gjekk Formoløypa opp til Bislingflaka for første gong. Rasta ute ved den gamle skiheisen. Roten snø det siste stykket, for det var ei stund sidan maskin hadde køyrt der. Fuglesong og solskin. På veg nedover møtte eg nokre få blide skigåarar. Dagen var for fin til å gje seg med dette, så eg heldt fram til Ølja. Der var isen i oppløysing, så eg gjekk løypa til høgre for vatnet. Fann skiltet til Svarttjernshøgda, og så eitt skispor i snøen der. Så eg starta klatreturen i det sporet. Gjennomroten snø, så det var tung tråkking heile vegen. Møtte skigåaren eit >>>

Map    

Første topp over 2000

Date:
03.09.2010

Har alltid vore ivrig fjellvandrar, men halde meg i Telemark - slikt gjer hyttelivet med ein. Men har nett oppdaga wwv-sida, og har byrja å utvide horisonten litt. Moro! Sa difor ikkje nei då eg i fjor vart invitert med til Tjønnholstinden av to svært spreke toppvenninner. Første fredag i spetember 2010 køyrde vi til Gjendeseheim, og overnatta før vi starta turen tidleg laurdag. Været var perfekt, sol og stille, men det hadde kome snø veka før, slik at det låg snø ned til ca. 1700 m. Vi kryssa Leirungsmyrin (blaute) og vassa over Leirungsåne (mykje kaldt vatn, av med bukser og sko). Deretter opp Steinflye, der vi etter kvart kom inn i snøen. Vi rota oss litt inn i moreneura ned for Steinflybreen (den sørlegaste) - og det var litt kavute med snø som gjorde det vanskeleg å setje >>>

Map    

Stavsfjell sommar 2010

Date:
31.07.2010
Map    

Gyrihaugen på sykkel

Date:
13.06.2010
Map    

Skorvetoppen

Date:
31.07.2008
Characteristic:
Hillwalk

Registrerer denne turen no i retrospekt. med brorframilien gjekk vi til bøkretjønn og sette frå oss ein sekk, så vidare til Hestadalnutane, der snudde den andre familien og Tom og eg heldt fram til Gøysen i fantastisk sommarver. Vi kom til toppunktet for første gong på ettermiddagen og gjekk så tilbake til Bøkretjønn der vi overnatta i telt til dagen etter. Det var første gong på Gøysen. Sidan har eg vore der ein gong til, då gjekk vi også frå Langlimsida, men denne gongen gjekk vi i eit strekk til Gøysen og så ned mot Seljord der vi hadde sett att ein bil dagen før. Første gongen var det altså Tom, Uncas og eg som nådde toppunktet.

Map