Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Gols høgaste

Dato:
06.04.2014
Turtype:
Langrennstur

Køyrde frå Hemsedal til Golsfjellet, tok av til Nystølsfjellet hyttefelt, og gjekk derifrå til toppen som var 4,7 km unna. Den vesle nysnøen som var kome om natta gjorde klistersmøringa vår litt mindre optimal, men vi hadde i alle fall spikerfeste oppover! Vêret lysna og vi fekk ein heil del sol, og det var så vindstille at vi åt i le av varden på toppen. Flott rundskue! Deilig bølgute terreng. Tok ein liten ekstrarunde før vi drog ned til bilen att, så det blei 11,3 km totalt i køyrde spor. Vi møtte ikkje ein sjel i dag, og i går på veg til Høgeloft, berre dei seks vi gjekk saman med. To flotte dagar, men altså berre seks andre skituristar (alle frå Halden skiklubb). Anne, Eirik og Tom var med.

Kart    

Høgaste skitopp så langt

Dato:
05.04.2014
Turtype:
Fjellskitur

Overnatta på Fossheim og køyrde til Eldrevatnet laurdag føremiddag. Der møtte vi seks karar frå Halden skiklubb som Anne og Eirik kjende frå før. Dermed var vi ti stykke som gjekk saman til topps, av dei åtte frå HS. Sol gjennom skyer og ganske flott sikt mot Hurrungane på veg opp. På toppen skya det litt meir til og vi såg ikkje meir til sola. Nede ved Solhaug byrja det å snø lett og det tetna litt til. Føret og lyset var vanskeleg. Knallhard skare, og stort sett Ok å køyre ned med stålkantar, men eit lys som gjorde at ein køyrde i blinde. Vi brukte 5 timar med nokre pausar og ein ordentleg matrast. Veldig godt nøgde med å ha fått utsikt og greidd å kome opp og ned før det blei for dårleg vêr. Tom, Anne og Eirik var med.

Kart    

Perfekt skidag

Dato:
30.03.2014
Turtype:
Fjellskitur

Køyrde frå Oslo om morgonen, tok av ved Gulsvik, Hallingporten kafe, og følgde bomvegen opp til Dammtjønnhallin. Køyrde så langt vi kom, og var da på knappe 1100 meter i hyttefeltet. Ikkje ei sky på himmelen, 4-5 varmegrader, skare med passe blaut overflate, og ikkje eit vindpust. Vi gjekk utan lue heile dagen, rasta i blikkstille under toppen, og møtte éin annan skiløpar på turen. Veret var perfekt, det same var føret, turkameratane greie og terrenget var berre heilt nydeleg. Vi gjekk inn nord for Saunatten og tilbake sør for Saunatten for å få litt variasjon. Hadde tenkt oss opp på Sørbølfjellet 1280 på veg tilbake, men det blei litt seint med tanke på middagen i Oslo. Ca 17 km. Vi brukte fem timar, men det var inkludert rast, drikkepausar, mange fotostopp og dessutan >>>

Kart    

Skedsmos høgaste

Dato:
24.11.2013
Kart    

To toppar og ei stavkyrkje

Dato:
16.11.2013

Tog til Skoppum der vi blei møtt av kollega med bil. Køyrde først til Høyjord og inspiserte kyrkja, fin! Låg novembersol frå blå himmel og 12-14 varmegrader.Tok av ved Valmestad, ikkje bom i det som skulle vere ein bomveg, så vi køyrde heilt inn til kjerrevegen som fører opp mot toppen frå austsida. Grei opptur, siste delen småklatra vi litt i berg. Supert utsyn, låg sol på flotte furulegger på toppen. Vi såg nesten heile Vestfold og mot vest låg Skrim. Vi gjekk ned vestsida slik at vi fekk ein fin runde. Deretter vidare mot nord. Tok av ved Kopstadkrysset mot Horten, og køyrde over e18 mot vest. Tok av Kjerranvegen mot Kjerran. Parkerte i siste svingen før garden og følgde kjerreveg med kvite band opp mot toppen. Før det blei heilt tett skog var det eit stykke med bøkeskog >>>

Kart    

Andre tur på lite Vestfold-raid

Dato:
16.11.2013

Etter Brånåfjell i Andebu, tok vi vegen vidare mot nord. Tok av ved Kopstadkrysset mot Horten, og køyrde over e18 mot vest. Tok av Kjerranvegen mot Kjerran. Parkerte i siste svingen før garden og følgde kjerreveg med kvite band opp mot toppen. Før det blei heilt tett skog var det eit stykke med bøkeskog der vi fekk fantastisk utsyn mot fullmånen. Skumring og etter kvart mørkt. Med gps gjekk vi fram og tilbake i tette kjerr på toppen, og dekte toppunktet ettertrykkejleg, men fann ikkje postkassa som skulle vere der - for mørkt rett og slett. Nede ved bilen fann vi ein blømande kvitveis i måneskinet. 16. november! Marit og Ingjerd var med.

Kart    

Vått i terrenget - men fin dag

Dato:
10.11.2013

Først sette vi av Tom på Gardermoen, så køyrde vi til Nes kommune og tok av mot venstre mot Skogsbygda og Fallet. Følgde vegen heilt til gardstunet (Fallet?), betalt 30 kroner i bompengar og køyrde så eit godt stykke innover før vi parkerte langs vegen. Vi kunne ha køyrd lenger, heilt til der vegen byrjar å gå bratt oppover i hårnålssvingar. Men vi gjekk no litt lenger da. Opp hårnålssvingane og vidare innover til der køyrevegen heilt stoppa i ei sløyfe. Så stigen oppover til Steinsjøen og deretter blåmerkt og skiltmerkt stig heilt til topps. Utruleg entusiastisk og grundig merking! På toppen var vi klokka 1500 og fekk vakkert lågt solskin medan vi åt nista. Heilt klar himmel hadde vi i dag etter ausregn i går. Gjekk rakst nedatt - det tok oss ein time, men då var det >>>

Kart    

Grei sundagstur

Dato:
20.10.2013

Såg oss om etter liten sundagstur, og Gjerdrum passa fint. Kaldt, men overskya vêr. Køyrde til Glømmi sport i Nittedal, tok av mot aust og parkerte ved blåmerkt stig til Busterudvangen. Følge denne stigen litt for kort, ved bekken mellom dei to vatna tok vi nemleg av mot høgre og klora oss fram i terrenget opp mot toppen. Nesten oppe kom vi innpå den gode stigen og følgde så denne bort til varden. Synd med trærne rundt toppunktet, for utsikten frå den bratte ryggen mot aust - som vel fortener namnet sitt - er kjempefin. Vi åt nista der vi hadde heile panoramaet framfor oss. Kjapp tur nedatt på stig. Vi brukte 2 time og 15 minutt opp og ned med rask nistepause innlagd. Tom og Uncas var med.

Kart    

Bursdagstur, og topp 100 og 101

Dato:
06.10.2013

Denne gongen Toms 56-årsdag. Sidan han er østfolding, passa det fint å markere dagen med fylkestoppen i Østfold. Blank fin oktobersundag med flotte fargar og stille fine innsjøar. Vi køyrde med tre syklar via Bjørkelangen til Rømskog. Så vakkert det var rundt Rømsjøen! Sykla greitt opp frå bommen. Valde vegen på venstre sida av toppen, på høgaste punktet på den lange slake strekninga, parkerte vi syklane og følgde traktorspora mot aust. Fann heilt greitt toppen med liten varde og bolt. Åt niste på dei fione berga lenger mot nordaust. Og så ned att. derifra køyrde vi tilbake til Bjørkelangen, tok av mot S Mangen, fann bomveg og sykla opp til telemasta. Derifra gjekk vi stigen dei 5-10 minuttane opp til toppen med varde/stang. Såg vel tømmerrestar etter det som har vore >>>

Kart    

Positiv overrasking i Skien

Dato:
22.09.2013

Hadde lese fleire rapportar som skildra denne turen som lang og slitsam, men vi bestemte oss for å vente med Sauherad, og konsentrere oss om Skien og Skårafjell. Parkerte ved skiltet til Dale og Sommerset. Sykla til Grantjern og fann lett skilt og flott blåmerkt og varda stig til Skårafjell. Nydeleg tur i blåber- og tytteberlyng og fine sva. Øystens utsikt var verkeleg flott vestover utover Eiangen, og etter ein roleg tur nådde vi toppen etter knappe to timar. Rast på toppen. Vêret var grått, mildt og oppklarande, og medan vi sat på toppen, kom sola fram. Heimturen var lett, rusletur i lyngen nedover, og stort sett nedoverbakke tilbake til bilen. tre timar og tre kvarter inkludert lang matpause. Sauheradtoppen trur eg kanskje eg skal ta frå nordsida - det er no berre den eg manglar >>>

Kart