Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Liten topptur frå hytta

Dato:
12.10.2014
Turtype:
Fottur
Kart    

Andre fylke komplett: med Sørum og Fet i Akershus

Dato:
05.10.2014
Turtype:
Blandet sykling

Ein vidunderleg blank haustdag, og Tom, hunden og eg la i veg til Romerike. VI køyrde riksveg 22 frå Fetsund, fann Midtskog og vegen opp Bjørndalen. Porten stod oppe og vi kosta oppover dalen i blankt vêr. Parkerte ein sving unna den andre bommen, følgde stig oppover mot åsen. Kom innpå blåmerkt stig, som vi neglisjerte og strauk rett opp. Fint med gps. Den høgaste toppen var ikkje markert, men kommunetoppen i Fet hadde både varde og var pynta med elggevir. Nedatt fann vi den blåmerkte stigen, og då kom vi nedpå vegen eit stykke lenger opp enn der vi parkerte. Køyrde glade og fornøgde nedatt, men der var bommen låst gitt! Etter å ha banka på to dører fekk vi låne nøkkelen av blid pensjonistdame i det raude huset. Så gjekk då det greitt. Køyrde så til Skjatvet der vi >>>

Vått i Finnemarka

Dato:
21.09.2014
Turtype:
Fottur

Heim frå Hjerkinn i går og tur med Marit og Tom og Uncas i dag. Denne gongen køyrde vi til Øståsen opp frå Natvet ved Tyrifjorden. Vegen heiter Breilivegen. Vi møtte fetteren til Marit, som viste oss på veg. Vi tok ei rute som gjekk frå nord til sud. Tok av opp mot Breilihytta, gjekk forbi hytta Bekkeli og deretter til Breilivatnet. Vi følgde orangemerkte tre til vatnet, og fann heilt greitt opp til Lauvkollen. Der hadde vi sol medan vi åt niste. Vi gjekk tilbake over Breiliflaka, som eigenleg var ein finare topp. Så tilbake via dei militære installasjonane (sambandsutstyr og bunkers) og ned til myra med løypekryss. Vi brukte ca 4,5 time på turen som målte 14 km. Marit logga 21000 steg! Småregn og sol, på heimvegen heller mykje regn. Tom, Marit og Uncas var med.

Kart    

Dovre for første gong

Dato:
19.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:00t

Etter to dagar med seminar på Kongsvoll og ein liten tur over Hjerkinnshøe, valde eg å hoppe av ein av bilane på Hjerkinn og ta bussen inn til Snøheim fredag morgon (1045-bussen). Møtte ein kollega frå jobben på bussen som var i eit følgje. Heldt litt følgje med dei til inn til Gamle Reinheim, før eg gjekk litt frå. Det var stille og sol, med nokre lette skyer og dis som etter kvart låg under meg. Gjekk i t-skjorte opp, men kledde på meg då eg kom opp, og sat og og rasta i ein time eller noko sånt. Utruleg flott. Litt usikker på om eg torde å gå bort til Midttoppen, men to damer av min type ville prøve seg, så vi gjekk saman. Det var heilt kurant, i alle fall så lenge ein ikkje feste blikket ned i avgrunnen! Flott utsyn ned på baksida av fjellet med irrgrønt vatn. tilbaketuren >>>

Kart     1 kommentar

første gong på Kvamsfjellet

Dato:
06.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Kart    

To småtoppar på veg heim frå Halden

Dato:
17.08.2014
Turtype:
Fottur

På laurdag hadde vi program i Halden, og turen heim til Oslo i dag brukte vi bl.a. på å gjere to små avstikkarar frå E6. Tok av mot Svinndal i Råde. Hadde fått utskrift av o-kart frå Eirik, og vi fann presist fram heile vegen. Veldig moro å gå etter o-lart! Nokre meter sør for der kommuneskiltet til Våler står, går ein stikkveg med bom inn til venstre. Det var akkurat plass til å parkere ein bil utafor bommen, men ein kunne nok også løfte den opp og parkere innafor. Om ein lurar på om det er rett stikkveg, det var fleire å velje mellom, går det altså ei grøft med mykje vatn under i røyr nett her, og dessutan er det steinar og pinnar på høgre side malte blå. Vi gjekk rett på heile vegen i kjempevått terreng. Opp bakken, heldt til høgre i y-krysset (sjølv om den >>>

Kart    

Første fylke komplett: siste i Telemark

Dato:
10.08.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:30t

Siste ferieveka på hytta blei brukt i moltemyrane. Men heimdagen var eg aleine att - utan hund, men med sykkel, og eg hadde planlagt å ta den siste i Telemark, Sauherad, frå nord. Så eg tok av frå rett etter Saggrenda, køyrde opp forbi Heistadmoen, følgde vegen til der eit skilt med Raje på peikte til høgre. Betalte bompengar og køyrde heilt til den store parkeringsplassen ved Ravalsjøen. Derifrå sykla eg rett fram, skiltet sa Breiset trur eg. Fleire moglege vegar å ta av, men rett fram fungerte fint, og då blåmerkinga byrja, var det berre å følgje den. Sondre K seier i sin rapport at den siste motbakken var lang og tung, eg måtte gå av sykkelen. På toppen etter at det flata litt ut, parkerte eg sykkelen under ei gran, og byrja å gå blåmerkt stig. Svært vått etter regnværet >>>

Kart    

Kosetur til Strålaus

Dato:
29.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:12t

Køyrde frå Seljord via Dalen og Setesdal og deretter Suleskarvegen for første gong. Nydeleg i flott vêr! Såg Urddalsknuten i det fjerne nord for Rossekreppfjorden. Tok av mot Lysebotn, og etter kvart av mot venstre og Langavatnet. Bommen var open, så vi køyrde heilt inn til demninga der vi parkerte. Gjekk så på vestsida av vatnet til turisthytta. Super hytte. Kryssa bekken ved hytta og gjekk opp lia sud for fjellet. Heldt inn den graskledde kløfta og fann veldig grei trasé heilt opp. Åt niste på toppen i berre t-skjorte. Same vegen tilbake. Vi brukte 3 timar og 20 minutt inkludert matpause, pause ved hytta på veg inn og diverse kamerapausar. Vi var begge to oppe på den vesle bolten i fossen på vegen langs vatnet. Eg rett nok i pysete sitjestilling! Men bilete blei det. Tom og >>>

Kart    

Tur i Stavsfjell

Dato:
28.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:00t
Distanse:
16,0km

Flott tur med utgangspunkt Mjåvasskardet på Hyllandshei. Gjekk med svigerinne og tre ungdomar til Vehuskjerringi. Varmt og bratt mot slutten. 7 km ein veg. Møtte bror og tre andre som avtalt på toppen, men utruleg nok møtte vi også kusine, mann og barnebarn der oppe, så det var reine slektsstemnet! Eg gjekk aleine frå toppen, tok austre toppen nedover og så gjekk eg opp på Lågefjell for første gong. Nydeleg fjell, grønt og pent i kveldssol. Kom nedatt på raudmerkt stig sør for Haugebu, og var ved bilen klokka 1900. Var altså på tur i 6 timar, siste halvdelen aleine.

Kart    

Største investering i topp så langt

Dato:
25.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
19:30t
Distanse:
50,0km

Følgde Haky si rute og beskriving. Køyrde frå Seljord til Valle og opp til Berg. Betalte kr 30 i bompengar og parkerte der t-merkt stig starta. Bilen målte 29,5 grader klokka 1400. Dei første to timane var veldig varme, og eg gjekk seint og drakk mykje. Oppe ved Rennevatnet møtte eg ein kar som sa at Bossbu var stengt i sommar pga bygging. Og der rakna planen min! Altfor langt å gå til toppen frå Stavskarhytta! Men Ole som han heitte, sa eg skulle helse frå han, og be pent om å få sove på golvet i nyhytta. Og det gjorde eg då eg kom fram etter 4 timar og 20 minutt. Turen er stipulert til 5 timar av DNT, så Haky som gjekk på 3 timar og 15 minutt må vere toppidrettsmann! Varm fin kveld var det, og eg fekk middag saman med dugnadsgjengen på Bossbu. Fabelaktig plassering av denne >>>

Kart